Hopp til innhold

– Finnmarksløpet gav meirsmak

Eline Stette Tennfjord og hundane debuterte i Finnmarksløpet. No har dei kome heim att og lengtar tilbake til vidda i nord.

Eline Stette Tennfjord

Eline Stette Tennfjord og hundane er komne heim etter strabasane under Finnmarksvidda. Både hundane og hundeførar er slitne og stolte og overvelda over opplevingane.

Foto: Victoria Røren / NRK

Heime på Stette er det fullt liv i hundegarden. Både Eline og dei 15 hundane er glade for å vere heime. Men deltakinga i Finnmarksløpet gav både god sportsleg utteljing og sterke opplevingar. TIl slutt kom ho og hundane i mål på ein 29.-plass i 500-kilometerklassa.

Eg var heilt rørt over hundane mine. Eg byrja å grine på siste etappen då vi nærma oss mål. For eg var så stolt over hundane, seier Eline Stette Tennfjord.

Finnmarksløpet 2017

Her er Eline Stette Tennfjord på veg mot mål. På siste etappen felte ho fleire tårer fordi ho var så stolt av hundane sine.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Fantastisk

Ho kan ikkje få fullrost nok både hundane og det ho fekk oppleve i Finnmark. Og ho er klar på at dette slett ikkje var siste gongen ho deltok på Finnmarksløpet.

Det er dette vi har trent for. Treningane har omtrent vore nettopp for å køyre Finnmarksløpet. Det var heilt fantastisk. Hundane var jo så flinke, seier Eline Stette Tennfjord.

No går ho heime i hundegarden og gjev hundane litt ekstra stell. Det er nok slik at hundane framleis er litt ekstra slitne etter den beinharde utfordringa på Finnmarksvidda.

No verkar det som om dei er svoltne heile tida. Spesielt no etter løp er det viktig å få i dei nok mat. Men dei er i veldig godt humør. Det er veldig fint å sjå etter eit langt løp.

Eline Stette Tennfjord

Her køyrer hundane og Eline Stette Tennfjord i mål under Finnmarksløpet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Restituerer seg fort

Eline Stette Tennfjord er strålande fornøgd med at hundane er i godt humør og har god matlyst etter løpet. Det er eit godt teikn på at dei er i god form.

No et dei oss nesten ut av huset, skrattar ho. Dei er sikkert litt slitne. Men vi kan ikkje samanlikne det direkte med oss menneske. Hundane restituerer seg dobbelt så fort som oss, seier ho.

Sjølv om Finnmarksløpet er ei enorm belastning for både hundar og menneske er det dei sterke opplevingane som har bite seg fast.

Det var ein lang draum som gjekk i oppfyllelse. Vi fekk endeleg vere med. Dette skal eg gjere fleire gonger. Dette var heilt fantastisk, seier Eline Stette Tennfjord.

Eline Stette Tennfjord

Det vart også tid for ei kosestund under Finnmarksløpet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK