Hopp til innhold

– Fem politidistrikt er for lite

– Men 27 som i dag er for mykje, meiner politimeister Steven Hasseldal i Sunnmøre politidistrikt. Han ser for seg eit tal midt mellom.

Steven Hasseldal

5 FOR FÅ, 27 FOR MANGE: Politimeister Steven Hasseldal håper på ei mellomløysing.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Noreg er eit langstrakt land. Viss ein skal gå ned til eit så lågt tal, så blir det veldig store avstandar, seier Hasseldal.

Regjeringa har sett ned ei eiga arbeidsgruppe som skal legge fram ulike alternativ til korleis politiet skal organiserast. VG kunne måndag fortelje at det kan bli så få som fem-sju politidistrikt her i landet når omorganiseringa er over. Ifølgje fleire personar avisa har snakka med, er det eit høgaktuelt alternativ frå arbeidsgruppa. Politimeisteren på Sunnmøre er skeptisk.

– Eg trur ein fort vil sjå at ein kan trenge nye mellomnivå, og då går kanskje vinninga opp i spinninga, forklarer han.

Vil ha "fylkesmodell minus"

Hasseldal trur det er få som vil halde på ordninga med 27 politidistrikt, slik det er i dag.

– Eg har sjølv sansen for ein "fylkesmodell minus", der ein endar opp med rundt 15 distrikt, seier politimeisteren.

Det talet meiner han vil gi passeleg med nærleik til folk, samstundes som ein kan byggje robuste organisasjonar i dei forskjellige distrikta.

Politimeisteren seier ein kan ta utgangspunkt i fylkesgrensene, og justere der det trengst. Å slå saman distrikta trur han ikkje vil få folk flest til å reagere.

– Eg trur dei fleste er meir opptekne av nærleik til politiet, at "nærpolitiet" eksisterer. Om politimeisteren sit i den eine eller andre byen er kanskje ikkje det avgjerande, seier han.

Vil ha lokalt forankra politi

Også fungerande leiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund meiner dei store regionane vil føre politiet vekk frå publikum.

Han seier at politiet sjølve helst vil ha eit lokalt forankra politi.

– Justisministeren har heldigvis vore tydeleg på at fagmiljøa i politiet skal ha mykje å seie for korleis Politi-Noreg skal vere bygd opp i framtida, seier han.

Politiet skal vere til for publikum, ikkje omvendt, meiner Bolstad, og peiker på at politiet må vere til stades der folk er. Likevel er han ikkje berre negativ til at det skal bli færre distrikt.

– Større distrikt vil føre til meir robuste miljø i politiet, seier Bolstad.

– Får ikkje utnytta kompetansen

Der får han støtte av politimeister Hasseldal på Sunnmøre. I Møre og Romsdal er det i dag to politidistrikt. Dermed har ein to politimeistrar og to operasjonssentralar.

– Me får ikkje utnytta kapasiteten så godt som me kunne gjort, seier Hasseldal.

– Viss me kunne slått det saman til ein ville det vore ei meir kraftig og robust eining. Det er ein relativt avgrensa avstand frå nord til sør i fylket, og det er ganske like utfordringar, fortel han.

Utfordringa er å gjere dei små distrikta gode nok på det dei skal levere, meiner Hasseldal. Det kan vere kriminalteknikarar, analytikarar og andre ekspertar som det er vanskeleg å få tak i.

– 27 politidistrikt er tungdrive. Her bruker ein mykje ressursar som går vekk i administrative gjeremål, og ein får ikkje utnytta kompetansen best mogleg. Ein får ikkje den spisskompetansen ein bør ha, og ein samarbeider ikkje godt nok, seier politimeister Hasseldal.

Politianalysen blir lagt fram i juni. Om talet på politidistrikt blir 27, 5 eller ein mellomting blir avgjort etter valet i haust.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL