NRK Meny
Normal

– Feil nettbruk kan øydelegge familiar

Stadig fleire par søkjer hjelp frå familievernkontora fordi at bruk av sosiale medium øydelegg forholdet.

Krangling

Sosiale medium skaper problem for mange par og det har også familievernkontora fått oppleve.

Foto: Colourbox

Sjå for deg at du sit i sofaen og fortel partnaren din om dagen din, men han eller ho er mest oppteken av å stirre ned på smarttelefonen sin. Sosiale medium skaper problem for mange par og det har også familievernkontora fått oppleve.

– Vi får nokså ofte spørsmål frå par som slit med at den eine brukar internett og sosiale medium i ein slik grad at resten av familien føler seg forsømt, fortel dagleg leiar ved familievernkontoret i Molde, Rune Weltzien.

Treng å vite kva råd dei skal gi

Smarttelefon

I dag har familievernkontoret i Molde sett av ein heil dag til konferanse om kva internett og sosiale medium gjer med par og familiar.

Foto: Erlend Aas/SCANPIX

Så stor er pågangen av folk som har slike problem at familievernkontoret føler dei treng meir kunnskap om kva råd dei skal gi til para.

I dag har familievernkontoret i Molde sett av ein heil dag til konferanse om kva internett og sosiale medium gjer med par og familiar.

– Vi treng å vite meir om korleis bruken, og ikkje minst misbruken av sosiale medium verkar inn på sei ulike relasjonane i familien, seier Weltzien.

– Vi må bli einige om korleis vi i familievernkontoret best kan møte familiar som har slike problem.

LES OGSÅ:

Forsømer kvarandre

Bruken av internett på smarttelefonar og nettbrett har teke av dei siste åra og har blitt ei ny problemstilling for familievernkontora.

Weltzien understrekar at det at par forsømer kvarandre ikkje er noko nytt, men at ein no blir meir og meir borte for kvarandre.

– Vi har alltid hatt aviser og TV, men nettet er med oss heile tida. Vi har det med oss kvar enn vi går og kvar enn vi står. Vi blir litt borte for kvarandre, og det er inga god oppleving verken for vaksne eller born.

– Krenkande meldingar

Ikkje berre kan for mykje bruk av sosiale medium øydeleggje parforhold, men det kan også forverre situasjonen når samlivsbrotet først har skjedd.

Mange foreldre reagerer kraftig på kvarandre sine uttalar på nettet når dei har gått frå kvarandre, fortel Weltzien.

– Par som held på å gå frå kvarandre brukar nettet til å sende krenkande meldingar til kvarandre. Ofte er det snakk om meldingar som er svært sjikanerande.

Familievernkontoret oppmodar foreldre til å tenkje nøye gjennom korleis dei opptrer mot kvarandre i eit samlivsbrot.

– Ikkje minst i livskrisesituasjonar når ein er opprørte har ein lett for å skrive og legge ut ting som ein ikkje bør, seier Weltzien.

– Borna er mykje meir orienterte på nettet enn kva vi likar å tru, så dei fangar fort opp når det foregår slike utvekslingar mellom foreldre.