– Feil måte å spare pengar på

– Å kutte i hjarterehabiliteringa er feil måte å spare pengar på. Det meiner fylkesleiar i landsforeininga for hjarte og lungesjuke, Odd Grande. Fredag blei det kjent at Helse Møre og Romsdal foreslår å kutte ei 40 prosent sjukepleiarstilling og ei 50 prosent fysioterapeutstilling på hjarterehabiliteringa ved sjukehuset i Ålesund. Dette utgjer halve avdelinga. Grande meiner opptreningstilbodet er avgjerande for pasientar som har hatt hjarteinfarkt.

ungdomspsykiatrisk avdeling
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK