Hopp til innhold

– Dei fleste menn er ikkje eigna til å ta seg av borna åleine

Den svenske professoren Annika Dahlstrøm meiner at fedrar som tek seg av små barn åleine, kan vere direkte skadeleg for barnet. – Leig heller ei dagmamma enn å ta ut pappaperm første åra, seier ho til Aftonbladet.

Far med baby

SKADELEG: Far bør ikkje ha åleineansvar for barna før dei er ei 3–4 år, seier professor Annika Dahlstrøm (65).

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Ein artikkel Aftonbladet skreiv for fem år sidan dukkar stadig opp i sosiale medier. Mammanett.no har snappa opp saka og gir no professoren spalteplass.

Annika Dahlstrøm er professor i nevrobiologi, og ho meiner at det er sjølvsagt at fedrar er i mindre stand til å ta seg av borna sine enn mødrer. Årsaka er at mannen og kvinna si hjerne er konstruert forskjellig for å sikre artens overleving, skriv Mammanett.no.

Bør ikkje forlate barnet

I intervjuet med Aftonbladet forklarar Dahlstrøm meiningane sine slik.

– Fedrar er sjølvsagt mykje mindre i stand til å ta seg av eit barn. Barnet er frå starten vant til mamma, hennar lukt og stemme. Mora bør ikkje forlate barnet dei tre første åra, seier ho.

I eit nytt intervju i Aftonbladet seier ho at ho held fast på det ho har sagt.

Kva meiner du om fedrar i pappaperm? Diskuter til slutt i artikkelen.

Les også:

Betre med dagmamma enn pappa

Dersom mor må i arbeid før barnet er 3 år, er det betre å leige inn ei dagmamma, meiner professoren.

– Dei fleste fedrar er ikkje eigna til å ta hand om små born åleine. Difor synest eg i mange tilfelle ei barnepike eller ei bestemor er betre alternativ enn pappapermisjon, seier ho til Aftonbladet.

Professoren seier det i verste fall kan føre til kroniske stressymptom når barnet blir eldre om far har omsorg åleine den første tida. Ho meiner også at fedrar ikkje forstår kor skjøre barn er, og difor lettare kan skade dei fysisk også.

– Dei lar barnets tunge hovud henge og slenge så dei får skader. Dei har mindre tålmodighet og daskar ofte barna, skriv ho i boka si «Kjønnet sitter i hjernen».

Delar likt

Tina Hildre

SNART I ARBEID: Tina Hildre nyt dei siste dagane av mammapermen saman med dottera Mathea Hildre Standal (6,5 mnd) i Ålesund.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Den kontroversielle svenske professoren har fått mykje motbør i heimlandet, og på gata i Ålesund er det heller ikkje mykje støtte å få.

Tina Hildre er ute og trillar dottera Mathea Hildre Standal. 13. februar blir ho 7 månader, og då er det pappaen som skal ut i permisjon.

– Det er viktig at far deltek det første året, slik at dei får knyte band på same måten som mora. Det handlar sjølvsagt om kva livssituasjon du er i, men for oss er det viktig å dele 50–50 på oppgåvene, seier Hildre.

Gunnar Lillevold

RART: Gunnar Lillevold meiner vitskapen til professor Annika Dahlstrøm høyrest rar ut.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Også blant mennene er det vanskeleg å finne nokon som støttar den svenske professoren. Gunnar Lillevold har ei dotter på 2, og han tvilar på ho har tatt skade av at han har tatt vare på henne.

– Eg har vore aleine med ho ganske mange gangar, og det har gått heilt fint. Meiningane til denne professoren er berre tullete, seier han.

– Mødrene er flinke, men det er vi også

Jonny Sandal, Geir Waagsbø, Dagfinn Abrahamsen

FLINKE FEDRAR: Geir Waagsbø (frå venstre), Dagfinn Abrahamsen og Jonny Sandal er samde om at dei er flinke fedrar.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Jonny Sandal, Geir Waagsbø og Dagfinn Abrahamsen er alle fedrar. Og dei meiner også at Annika Dahlgren sine konklusjonar er feil.

– Dette høyrest heilt urimeleg ut. Heime hos oss var mor heime medan borna var små, men det var fordi ho ville det. Eg vil vel også kanskje seie at mora er flinkare med ungane, men vi deler ganske likt på oppgåvene, seier Jonny Sandal.

Lisa Danielsen

TÅPELEG: Lisa Danielsen meiner teorien til Annika Dahlgren er tåpeleg.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Første tanken min er at ho her ikkje har ungar sjøl. At det ho hevdar er basert på teori åleine, seier Lisa Danielsen.

Ho har sjølv to born, og meiner dei slett ikkje har tatt skade av å vere saman med faren første tida.

– Sjølvsagt er det både fedrar og mødrer som ikkje eignar seg som foreldre. Men det har ikkje noko med kjønn å gjere. Dette er berre tåpeleg, seier ho.