Hopp til innhold

– Det er ein sorgens dag

ØRSKOG, MØRE OG ROMSDAL (NRK): Øyvind Natvik meiner det er ein katastrofe at Sylvi Listhaug går av som justisminister. Helst ville han flagga på halv stang i dag.

Øyvind Natvik

Øyvind Natvik frå Skodje på Sunnmøre var ikkje glad då han høyrde at Sylvi Listhaug frå nabobygda har trekt seg som justisminister.

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

Maskinarbeidaren Øyvind Natvik frå Skodje tok imot nyheita om at Sylvi Listhaug går av som justisminister, med stor sorg. Han meiner Listhaug er unik fordi ho seier rett ut kva ho meiner, og deretter gjer det ho lovar.

– Det er ein sorgens dag, rett og slett. Ein skulle sett flagget på halv stang, så trist er det, seier Øyvind Natvik, som arbeider i heimkommunen til Listhaug.

Sjøholt sentrum

Sylvi Listhaug har trakka sine barnesko berre eit par kilometer unna Sjøholt på Sunnmøre. Også på heimstaden er det delte meiningar om henne.

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

Også Magnus Frostad frå nabokommunen Vestnes, har stor sans for Sylvi Listhaug.

– Eg syns ho gjekk littegrand langt i det Facebook-innlegget, det var litt drygt, men elles er ho ei kjekk taus, seier han.

– Fantastisk med litt drama på Stortinget

Og det var nettopp innlegget på Facebook som har sett sinna i kok, og som til slutt førte til at Listhaug måtte trekkje seg som justisminister.

Lisbeth Notø

Lisbeth Notø var ikkje klar over at justisminister Sylvi Listhaug hadde gått av, då ho kom på arbeid tysdag morgon.

Foto: Arne Flatin / NRK

Lisbeth Notø jobbar i kafeen på kjøpesenteret Blåhuset i Ulstein. Ho blei overraska då Listhaug gjekk av tysdag morgon, men syns striden i det politiske toppmiljøet er spennande.

– Det er jo litt fantastisk at det er litt drama på Stortinget, ler ho.

Redaktøren rydda førstesida

På Sylvi Listhaug sin heimstad, Sjøholt på Sunnmøre, var avisredaktør Reidar Opsal allereie klokka 17 måndag ettermiddag klar til å fastslå Listhaug sin lagnad. Lokalavisa Bygdebladet gjekk i trykken med overskrifta "Listhaug må gå - også regjeringa?" på førstesida. Opsal seier saka er det store samtaletemaet i dag.

Reidar Opsal

Lokalavisredaktør Reidar Opsal i Bygdebladet på Sjøholt seier det vil bli rikeleg å skrive om så lenge sambygdningen Sylvi Listhaug er i politikken. Han rosar henne for alltid å stille opp når avisa ber om intervju.

Foto: Ingrid Heltne / NRK

– Det er ikkje berre på Sjøholt, det er samtaletema i absolutt heile landet. Sylvi Listhaug er ein politikar du ikkje kan ... du må rett og slett ta stilling til kva du meiner, og det gjer folk, slår Opsahl fast.

Avisforsider utafor Shell-Sjøholt

Avgangen til Sylvi Listhaug er godt stoff også i heimbygda Ørskog på Sunnmøre. Her er

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

Han samanliknar Sylvi Listhaug med Hanna Kvanmo, den kontroversielle nordlendingen som sat på Stortinget for SV i ei årrekkje og blei kjent for sine sterke og klare meiningar.

Kallar det for ei heksejakt

Tysdag morgon sa Listhaug at ho var utsett for ei heksejakt, og at det har vore ei krevjande tid for henne og familien.

Øyvind Natvik var tysdag innom sentrum for å fylle drivstoff, berre eit par kilometer frå garden der Sylvi Listhaug kjem frå. Han gir henne full støtte.

Helge Strandabø

Helge Strandabø er svært politisk interessert, og seier at avgangen til justisminister Sylvi Listhaug ikkje kom overraskande i det heile tatt.

Foto: Ingrid Heltne / NRK

– Fullt ut, det er første politikaren vi har hatt som seier rett ut kva ho står for, seier han.

Helge Strandabø, som tysdag morgon var på kafe i Ålesund, er langt meir lunken.

– Nei, ho har stelt i stand heksejakta sjølv, ingen andre. Ber du om heksejakt, får du heksejakt, slår Helge Strandabø fast.