Hopp til innhold

– Et meir fargerikt

Unngå kjappe løysingar i ei travel førjulstid. Planlegg og ta gode val, anbefaler ernæringsfysiolog.

Torill Valderhaug fotomontasje

Klinisk ernæringsfysiolog Torill Valderhaug meiner det er viktig å huske å ete sunn mat også i ein travel kvardag.

Foto: Charlotte Ervik/Colourbox.com / Fotomontasje

Vi er inne i ei koseleg, men veldig hektisk tid no i desember. Blant anna er det mange studentar som er travelt opptekne med eksamen.

Ved Universitetet i Bergen har dei valt å tilby halv pris på middagar i kantina, slik at studentane i det minste skal ete eit skikkeleg måltid i løpet av dagen.

Torill Valderhaug, klinisk ernæringsfysiolog, meiner det er viktig å huske dei gode vanane, også i ei stressfull tid.

– Det er slik at kroppen og hjernen vår treng skikkeleg mat, litt aktivitet og nok søvn og kvile dersom den skal fungere best mogleg, seier ho.

Grov, næringsrik og fargerik

På hektiske dagar, der du opplever å ikkje ha nok timar i døgnet, kan det vere lett å ty til lette løysingar når det gjeld mat og kosthald. Det er også fort gjort å droppe eit måltid eller to i løpet av dagen, rett og slett fordi ein føler ein ikkje har tid.

Valderhaug meiner det er nødvendig å halde ei god måltidsrytme, og ete frukost, lunsj, middag og kvelds, sjølv om ein har det travelt.

Frukt fra grill
Foto: Randi Wilsgård / NRK

– Det kan virke som eit traust og keisamt råd, men det verkar. Dei som klarer å halde på rytmen blir flinkare til å ta gode val, både i forhold til kva type mat ein bør velje, men også kor mykje mat ein bør ete, seier ho.

Skulle kvardagen likevel bli for travel anbefaler Valderhaug at ein i det minste får i seg mat som er grov, næringsrik og fargerik. Med grov meiner ho grove kornprodukt, med fargerik meiner ho mykje frukt, grønsaker og bær, og med næringsrik meiner ho mat med lite kaloriar.

– Unngå kaloririke matvarer som godteri og snacks. Desse har mange kaloriar, som vi også treng, men gir lite næringsstoff som er byggeklossane vi treng for å fungere godt og få energi, seier Valderhaug.

Planlegging er viktig

Valderhaug har full forståing for at det ikkje alltid er like lett å halde på dei gode vanane. Ho har difor nokre gode råd til kjapp og sunn mat som kan fungere som ei naudløysing i ein travel kvardag.

– Ein omelett med salat til eller fiskeburgar med grovt brød er dømer på raske og lette løysingar, seier ho.

Valderhaug meiner planlegging er ein viktig faktor dersom ein skal klare å ete sunt i ei hektisk periode.

– Dersom du har oversikt over kva dagar som er meir travle enn andre er det lettare å planlegge kor mykje tid du har til å lage mat, og kva du rekk å lage. Har du ekstra god tid ein dag kan du også lage mat til dagar der du veit at du har lite tid, seier ho.