Hopp til innhold

– Er vår stemme utan verdi?

I september 2016 skreiv ungdomspanelet til kommunalministeren at dei vil ha lovfesta rett til å bli høyrt. No har regjeringa bestemt seg for å ikkje høyre på innspelet.

Urtè Karanauskaitè og Åse Kristin Bjørneraas Hopen

Kjære regjering, er vår stemme utan verdi? spør Urtė Karanauskaitė og Åse Kristin Bjørneraas Hopen.

Foto: Møre og Romsdal Fylke

Kjære regjering, er vår stemme utan verdi?

Slik startar ein kronikk forfatta av Urtė Karanauskaitė og Åse Kristin Bjørneraas Hopen, som begge er medlemmar av ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Ba om å bli høyd

I september 2016 skreiv ungdomspanelet eit høyringssvar til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Der understreka dei at dei ønska at medverknadsorgan for ungdom skal bli likestilt og lovfesta, på lik linje med dei andre rådgivande organa.

Vil ikkje lovfeste

Kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner (H)

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H)

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

10. mars 2017 la regjeringa fram forslag til ei ny bestemming i kommunelova. Resultatet av dette var at medverknadsordningane for eldre og personar med funksjonsnedsetting framleis blir lovfesta, medan medverknadsordninga for ungdom framleis vil vere frivillig, ikkje lovfesta, for kommunane.

– Vi synest det er veldig dumt fordi vi ikkje har dei same moglegheitene til å påverke, og vi forstår ikkje kvifor fordi vi har mykje å bidra med og vi bruker mange av dei tenestene som kommunane har ansvaret for, seier Åse Kristin Bjørneraas Hopen.

Er skuffa

I kronikken går det klart fram at ungdommane er skuffa:

«Vi i ungdomspanelet stiller oss uforståande til vedtaket. Vi er svært skuffa over dei vurderingane som er gjort. Vi meiner forslaget signaliserer at ungdom si stemme, ikkje bli tatt like alvorleg som dei andre rådgivande organa.»

Vidare peikar dei på at det kan bli store skilnader på innverknaden til dei unge, frå kommune til kommune. Dei fryktar også at enkelte kommunar ikkje vil ta seg råd til opprette ungdomsråd, på grunn av dårleg økonomi.

«Enkelte kommunar vil til og med velje å ikkje etablere organ som sikrar ungdom sin medverknad i deira notid og framtid.»

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL