Hopp til innhold

– Endeleg er eg i mål

Like etter klokka seks måndagskveld var Mari (15) framme ved Vestkapp. – Eg kjente tårene presse på i det varden kom til syne.

Mari Quiller

Etter nesten 40 dagar i ver og vind, kan Mari Qviller sjå seg fornøgd med å ha gått Norge på tvers.

Foto: Privat

Etter nesten 40 dagar, har den spreke 15-åringen fullført prosjektet sitt; å gå Norge på tvers heilt aleine.

– Eg kjente at tårene pressa på i det eg nerma meg varden og såg foreldra mine.

Les også:

Mari skunda seg å klemme varden, før ho gav foreldra ein god klem. Dei hadde gjort i stand med blomar, flagg og eplesider.

– Det vart ei skikkeleg feiring, og det var utruleg godt å kunne sette seg ned, ta av seg sekken og vite at eg er ferdig.

Nesten ikkje pausar

Denne dagen har vore den hittil lengste og tyngste etappen, mykje på grunn av at ho var så nerme målet.

– Eg har nesten ikkje teke pausar i dag, for eg har vore så målretta. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle nå Vestkapp i dag, seier ho.

Mari fortel at ho stod opp klokka 05.00 for å rekke det. Beina har klaga heile dagen, men det har ho berre ignorert.

Mari Quiller

Her nermer Mari seg målet, Vestkapp.

Foto: Privat

Tid for teater og musikk

Gjennom turen har ho ofte hatt såre bein, men det har likevel vore overkommeleg. Vêret har heller ikkje alltid vist seg frå si beste side.

– At det ikkje finst dårleg ver her i Norge, men berre dårlege klede, det er berre tull, seier Mari spøkjande.

– Kva har vore det beste med turen, då?

– Eg har møtt mange interessante menneske, sett mykje vakker natur og hatt store opplevingar som ikkje kan forklarast. Det beste er heilt klart heilskapen.

Mari har enda ikkje lagt nye turplanar, for no ser ho fram til å bruke tid på dei interessene ho ikkje har fått gjort i sommar.

– Eg driv mykje med teater og skal på teaterleir i august. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å dra, men sidan eg vart ferdig med turen tidlegare enn forventa er eg glad for å kunne reise på det.