Hopp til innhold

– Eldre må lære seg å seie nei

Utanlandske seljarar ringer på døra, og mange eldre slepp dei inn. Politiet meiner dei må lære seg å seie nei.

Line Kjellmo

Politibetjent Line Kjellmo held foredrag på Klipra seniorsenter. Ho meiner at eldre må bli langt strengare når dei vurderer kven dei skal sleppe inn.

Foto: Tore Ellingseter

Ordensmakta er ute på eldrebesøk på Klipra seniorsenter i Ålesund. Om lag tretti menneske er samla.

Dette er menneske med livserfaring, men også folk som gjerne tenker det beste når det ringer på døra.

Sikre seg sjølv

Politibetjent Line Kjellmo arbeider med førebygging. Ho fortel kva folk kan gjere for å trygge og sikre seg sjølv i eigen heim. Det handlar om ekstra utelys, dørlenker og å gjere avtalar med familie og venner.

Line Kjellmo
Foto: Tore Ellingseter

Fleire av dei eldre fortel historier om austeuropearar som ringer på døra og vil selje noko. Mange av dei har opna døra, men deretter opplevd uønskte ting.

– Ikkje opne opp

– Særleg på kveldstid må de vere forsiktige. De må lære dykk å seie nei.

– Er de i tvil, bør de ikkje opne døra i det heile, seier politibetjenten frå Sunnmøre politidistrikt til den godt vaksne forsamlinga.

Hadde tjuv på besøk

Erna Torvik bur i Borgundvegen i Ålesund. Ho kjenner seg tryggare no når dei har portlås nede i gangen. Og så har ho kikehol i døra.

Erna Torvik

Erna Torvik har hatt ein tjuv på besøk, men føler seg tryggare no, med heildøgnsstening av hovuddøra.

Foto: Tore Ellingseter

– Men eg hadde ein uønskt gjest på besøk i kjellarboda. Han kraup inn eit vindauge i sykkelrommet. Han stal nokre ting. Det var litt ekkelt, men eg går ikkje rundt og uroar meg.

Ho trur mange andre på hennar eigen alder er mykje reddare, kanskje særleg dei som bur i eige, stort hus.

Synest synd på seljarane

– Men er du ikkje redd for å skremme opp dei eldre? Vi spør politikvinna som held foredrag.

– Det er betre å vere føre var enn etter snar. Det er viktig å setje ord på ting, seier Line Kjellmo.

– Vi satsar på open dialog, men vil ikkje uroe folk unødig. Vi vil ikkje skremme dei.

– Er eldre folk eit lett bytte for dei som vil lure folk for pengar?

– Det er veldig individuelt. Det er fleire her i dag som seier at dei gir pengar fordi dei vil hjelpe folk som seier dei har det vanskeleg. Då er nok dei yngre langt meir skeptiske.

Klipra seniorsenter

Gjengen på Klipra seniorsenter er full av livserfaring. Men politiet meiner dei treng råd og vink for å gjere kvardagen tryggare.

Foto: Tore Ellingseter

– Det er lovleg å tigge på gata. Men det er ulovleg å ringe på døra til folk og presse dei for pengar. Seljarane fortel kva dei har opplevd og kor vanskeleg dei har det, men oftast er dette oppdikta, seier politibetjent Line Kjellmo.

– Mange har det verre

Erna Torvik er glad for å ha politiet på besøk på seniorsenteret. Ho trur det er mange som har det verre enn henne sjølv.

– Etter at vi fekk heildøgnsstenging av hovuddøra kjenner eg meg trygg, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL