Hopp til innhold

– Dette er eit svært spennande lag

Det er like før seriestart. Og i Ålesund er det optimismen som rår. Veteran Amund Skiri kallar årets utgåve for det mest spennande laget sunnmørsbyen har mønstra nokon gong.

Video - Spennande AaFK-lag

Det var svært god stemning på den siste treninga til AaFK. Årets utgåve kjem til å gjere det svært godt, hevda fleire som var på stadion måndag ettermiddag.

Om ein skal rekne ut eit gjennomsnitt av norske eksperttips, vil Aalesund i år hamne om lag på ein sjetteplass på eliteserietabellen. I den store tilhengarskaren i jugendbyen er det mange som ventar at Aalesund skal plassere seg endå høgare.

– Svoltne gutar

Tida då Aalesund blei tippa til ein plass på nedre halvdel er definitivt forbi. Veteran Amund Skiri seier at Aalesund kan gå mot ein svært god sesong.

– Dette er det mest spennande laget vi har hatt nokon gong. Ferdigheitene er betre, vi har forskjellige ferdigheiter og gruppa har ei god alderssamansetjing. Vi har mange i alderen 20 til 25 år. Det er svoltne gutar som vil opp og fram. Dei er i positiv utvikling. Mange bør misunne oss denne gruppa, seier Skiri til NRK.

– Viktig med god start

Aalesund startar i år serien med kamp mot Stabæk på Nadderud. Trenar Kent Bergersen seier det blir viktig å få ein god start på sesongen.

Det er viktig å kome inn i ein god steam. Det gjev sjølvtillit og trua på oss sjølve, seier Bergersen.

– Må tole å vere favorittar

Aalesund har store ambisjonar for sesongen. Laget skal hevde seg både i serien og i cupen og vil svært gjerne gjere ein god innsats i Europaligaen. Skiri meiner spelarane skal klare å takle forventningspresset.

Dette er eit press vi skal tole. No er vi favorittar i nesten kvar einaste heimekamp. No skal vi klare å vere favorittar i nokre bortekampar også. Vi skal ta det som eit komplement at vi blir sett på som eit godt lag. Det skal vere slutt på at vi skal drive å kjempe i botnen, slik vi har gjort ein del, seier Skiri.