Hopp til innhold

Flyplassfamilien skaper debatt: – Eit spørsmål om menneskerettar

Neste veke går Kirkemøtet 2014 av stabelen og då vil menneskerettane bli drøfta. Regjeringa seier dei har følgt regelverket i saka om mora med åtte born som bur på flyplassen i Paris. Mørebiskopen meiner etikk er viktigare enn reglar.

midttømme

Mørebiskop Ingeborg Midttømme håper Den norske kyrkje vil leggje meir press på regjeringa i saka om flyplassfamilien i Paris.

Foto: NRK

3.–8. april går Kirkemøtet for 2014 av stabelen. Det årlege Kirkemøtet er det øvste representative organet i Den norske kyrkje og skal leggje grunnlaget vegen vidare.

Skal drøfte menneskerettane

Fleire store tema står på agendaen, og for første gong sidan 80-talet vil også menneskerettane bli drøfta inngåande. Det engasjerer mørebiskop Ingeborg Midttømme.

– Vi opplever på så mange frontar at menneskeverdet vert trua, seier ho og listar opp problemstillingar som aktiv dødshjelp, stengde vegar inn til Europa og nye FN-konvensjonar som ho meiner at Noreg bør ratifisere.

Ifølgje biskopen kyrkjemøtet kjem til å kome med nokre oppfordringar til regjeringa.

– Vi kjem til sjå på kva for kriterium vi som kyrkje og enkeltmenneske skal engasjere oss i når vi ser at menneske vert krenka og menneskerettane brote, seier ho.

– Må ikkje alltid følgje reglane

Hele familien til Simret Wolbgeber

Eritreiske Simret Wolbgeber og dei åtte barna hennar har budd på ein flyplass sidan dei vart kasta ut frå Ulsteinvik og Noreg 12. mars.

Foto: Liv Berit Gilberg / NRK

Sjølv om det er generelle problemstillingar som vil bli drøfta på kyrkjemøtet, er det likevel ei bestemt sak som Midttømme kjem til å ha ekstra i tankane. På Charles de Gaulle-flyplassen i Paris sit ei eritreisk mor med åtte barn etter å ha blitt kasta ut frå Noreg og utan ein stad å gjere av seg i Frankrike.

Justisminister Anders Anundsen (Frp) vil ikkje hjelpe familien og seier Noreg har gjort alt etter regelverket. Ansvaret ligg no på Frankrike sine skuldrer, meiner han.

– Ein ting er å seie at Noreg har gjort alt som er rett og riktig etter loven, men vi i kyrkja er opptekne av kva som er vår moralske plikt for menneske i naud. Då må vi tørre å stille nokre motspørsmål og seie at det er ikkje sikkert at alt som er juridisk rett er det som er rett og klokt i det lange løp.

– Ta dei gode og etisk rette vala

Saka om flyplassfamilien vil ikkje bli dratt opp som enkeltsak på møtet, men dei vil stille spørsmål ved korleis eit land bør opptre når det gjeld slike saker.

– Kunne det vore gjort andre val? Korleis vil vi at Noreg skal opptre i ulike samanhengar? Eg ønskjer at Noreg skal sjå heilskapen, seier biskopen.

Ho meiner at Noreg må vere klar over om det landet som tek imot familien har kapasitet til å gjere det. Viss denne saka hadde vore behandla nøyaktig juridisk så skulle ei avgjerd vore klar før familien hadde budd her i seks månader.

– Dette handlar om å bry seg om andre menneske, og ikkje minst om å ta omsyn til barna som alltid er den svakaste parten. Dei som styrer treng hjelp frå folket til å ta dei gode og etisk rette vala. Det vil vi i som kyrkje hjelpe til med.

Ho meiner at det gode med menneskerettane er at alle i heile verda skal vere einige, uavhengig av kven du er eller kvar du er frå.