Hopp til innhold

– Ein utfordrande situasjon for Senterpartiet

– Det vil vere ein ripe i lakken for Senterpartiet dersom ordførarmakta går tapt i mange kommunar, seier valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda.

I Møre og Romsdal har Senterpartiet elleve ordførar. Med litt over eit år igjen til neste kommune- og fylkestingsval fell partiet på meiningsmålingane.

Dersom trenden ikkje snur kan posisjonen som ordførarparti stå på spel. Det vil truleg føre til ein debatt i partiet om det er verdt å halde fram i regjering, trur Folkestad.

Samstundes understrekar valforskaren at Senterpartiet har eit godt organisasjonsnett på lokalplan og har vore flinke til å få fram ordførarkandidatar, noko som kan avgrense skadeverknadane.

Bjarte Folkestad, valgforsker ved Høgskulen i Volda.
Foto: Trond Vestre / NRK