Hopp til innhold

– Ein offensiv nynorskpolitikk

Nynorsk kultursentrum meiner den nye regjeringsplattforma legg eit godt grunnlag for ein betre nynorskpolitikk. Fungerande direktør Gaute Øvereng seier det er spesielt gledeleg at den påtroppande regjeringa vil lovfeste retten til eigne nynorskklasser på ungdomsskulen i språkdelte område, og sikre nynorskelevane læremiddel på eige skriftspråk. Men Nynorsk kultursentrum meiner det no blir viktig at dei overordna målsetningane blir konkrete tiltak.

Gaute Øvereng ved barnebøkene på Ivar Aasen-tunet
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK