– Ein milepæl

Nordic Office of Architecture og COWI skal planlegge det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal og distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Signering av kontrakt

UTVALD: Nordic og COWI vart denne veka vald ut som leverandørar av arkitekttenester og ingeniørtenester til SNR-prosjektet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

I dag signerte selskapa Nordic Office of Architecture og COWI kontraktar på planlegginga av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal, og det nye distriktsmedisinske senteret i Kristiansund. Styreleiar for prosjektstyret, Espen Remme, fortel at han er glad for å han COWI og Nordic med på laget.

– Det er svært kompetente fagmiljø både på arkitekt- og ingeniørtenester vi no har fått med på laget i COWI og Nordic. Dei har god erfaring frå andre sjukehusprosjekt både i Noreg og utlandet, så det er vi svært nøgd med.

Milepæl

Kake under signeringa av kontrakt

Det nye sjukehuset Nordic og COWI no skal planlegge, skal koste 4,2 milliardar kroner.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det nye sjukehuset skal koste 4,2 milliardar kroner og totalt leverte tolv selskap inn anbod på arkitekttenestene og seks på ingeniørarbeidet i samband med bygginga.

Denne veka vart det bestemt at Nordic Office of Architecture og COWI skulle få kontraktane. Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, er nøgd med signeringa.

– No er det to kontrakter som er signert og det er viktige milepælar i prosessen for å realisere det nye lokalsjukehuset i Molde og distriktsmedisinske senteret i Kristiansund., seier Hårstad.

– Frå august skal COWI og NORDIC starte arbeidet med ei moglegheits-studie og eit skisseprosjekt for sjukehuset som skal leggast fram i løpet av seinhausten, held han fram.

Spanande prosjekt

Nordic og COWI er begge av dei leiande rådgivarmiljøa innan sjukehusplanlegging i Skandinavia i dag, og har tidlegare mellom anna jobba med St. Olavs Hospital i Trondheim.

Regionsjef for bygningar i Midt- og Nord-Noreg for COWI, Terje Dalheim fortel at dette er ei viktig kontrakt for COWI.

– Det er veldig gledeleg for dette er ei kjempeviktig kontrakt for oss, så den vart feira på kontoret den dagen vi fekk beskjeden. Det blir veldig spanande å starte med dette prosjekt for oss.