Hopp til innhold

– Ein katastrofe for bygda vår

I Norangsdalen på Sunnmøre har gardbrukarane drive pelsdyroppdrett i generasjonar. Som følgje av regjeringsforhandlingane kan det gå mot slutten.

Jon Arne Nordang

Pelsdyroppdrettar Jon Arne Nordang seier at vedtaket om å avvikle næringa kom heilt uventa.

Foto: Arne Flatin / NRK

I regjeringsforhandlingane fekk partiet Venstre gjennomslag for at pelsdyrnæringa skal byggjast ned og fjernast. Næringa skal vere borte innan 2025, heiter det i den nye regjeringserklæringa.

– Dette var eit sjokk for oss. For eitt år sidan resulterte ein demokratisk prosess i Stortinget med at vi skulle få halde fram. Dermed kom dette heilt uventa, seier pelsdyroppdrettar Jon Arne Nordang til NRK.

I Norangsdalen i Ørsta er tre av sju gardsbruk avhengige av pelsdyrdrifta. Oppdrettarane meiner dei har retta seg etter pålegg, og hevdar dei svært ofte har besøk av kontrollørar frå Mattilsynet. I 2017 var det 6 inspeksjonar på farmen til Jon Arne Nordang.

– Eg tykkjer det er svært arrogant at dei berre forhandlar oss vekk, seier Nordang.

– Dyr må få leve ut sine naturlege behov

Sentralstyremedlem Sveinung Rotevatn er fornøgd med at Venstre har fått gjennomslag for å leggje ned pelsdyrnæringa.

– Dyr har behov for å leve ut sine naturlege behov, som å grave i jorda eller å svømme. Det går ikkje an å drive lønsam pelsdyrdrift der desse behova blir tilfredsstilt, og difor er eg for ei styrt avvikling av næringa seier Rotevatn.

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn (V) har ivra for forbod mot pelsdyroppdrett. Han er nøgd med at det skal bli styrt avvikling av næringa.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Han er ein av dei som lenge har ivra for ei slik avvikling, som Venstre no har fått gjennomslag for.

– Ei vanskeleg avgjerd

For Framstegspartiet handla dette punktet til slutt om å «ta og gje», ifølgje Landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Han stadfestar overfor NRK at dei måtte gje seg på dette punktet for å få gjennom saker som var viktigare for partiet.

– Dette er heilt klart ei vanskeleg avgjerd å vere med på for Frp. I regjeringsforhandlingar må vi gje og ta. Dette var ei viktig sak for Venstre, seier Dale.

Jon Georg Dale

Landbruksminister Jon Georg Dale seier det var vanskeleg for Frp å vere med på vedtaket om å legge ned næringa.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Katastrofe

Bygda har vore kjend som pelsdyrbygda på Sunnmøre. Og tradisjonane kring pelsdyroppdrett går fleire generasjonar tilbake. Innan 2025 kan det vere heilt slutt.

– For bygda vår er dette ein katastrofe. Det er ikkje noko meir å seie om det, seier veteran Steinar Nordang.

Steinar Nordang

Pelsdyrveteran Steinar Nordang karakteriserer vedtaket som ein katastrofe for heimbygda.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL