Hopp til innhold

– Ein heilsvart dag for dei tilsette ved Ello

Dei tilsette ved Ello reagerte med tårer og var tydeleg skuffa over Orkla sitt vedtak om å legge ned fabrikken i Kristiansund.

Ello Kristiansund

Dei tilsette tok nyheita om nedlegginga av Ello tungt.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tidlegare i dag kom nyheita om at styret i Orkla-åtte Lilleborg har bestemt seg for å legge ned Ello-fabrikken i Kristiansund og flytte produksjonen til Falun i Sverige. Dei rundt 60 tilsette ved fabrikken blei informert om nedlegginga på eit allmøte klokka 10.00, og fekk lov til å avslutte arbeidsdagen etter dette.

Dei tilsette var tydeleg skuffa og oppgitt over vedtaket, og fleire reagerte med tårer.

– Folk tek det tungt, både fysisk og psykisk. Arbeidsløysa er stor i Kristiansund og mange veit ikkje kva dei skal gjere no. Det ser mørkt ut for alle, seier Ove Ingebrigtsen.

Sterke reaksjonar

Jan Erik Holm

Jan Erik Holm gjekk under møtet.

Foto: Roar Strøm / NRK
Anne Jorid Holm

Anne Jorid Holm har jobba ved Ello i nærare 20 år.

Foto: Roar Strøm / NRK

Både tilsette og politikarar engasjerte seg i saka då det blei kjent at Lilleborg vurderte å flytte produksjonen ut av landet. Kristiansund har det siste året mista mange arbeidsplassar på grunn av nedgangen i olje- og oljeservicenæringane.

Nyheita om nedlegginga førte til sterke reaksjonar under allmøtet. Nokre av dei tilsette røyste seg også i protest og forlét lokale under møtet.

– Eg og nokre av dei andre røyste oss opp og gjekk ut då nyheita kom. Vi orka ikkje å høyre meir akkurat då. Skuffelsen er såpass stor akkurat no at vi følte ikkje behovet for å sitte lengre, seier Jan Erik Holm.

Han og Anne Jorid Holm er blant dei som mistar jobben i Kristiansund. Dei har begge jobba ved fabrikken i Kristiansund i ei årrekke.

– Det er veldig tungt akkurat no. Mange av oss er mellom 50 og 60 år og eg trur vi vil slite med å finne oss nye jobbar her i Kristiansund, seier ho.

– Ein heilsvart dag

Det vil vere produksjon ved Ello fram mot utgangen av 2017. Då skal flyttinga etter planen vere fullført. Men det er foreløpig uklart når dei tilsette ved Ello mister jobben.

– Vi fryktar at det vil ta kortare tid. Både ansiennitet og arbeidsmengd vil vere avgjerande, seier Holm.

Ove Ingebrigtsen.

Ove Ingebrigtsen fortel at mange ikkje veit kva dei skal gjere.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei tilsette ved Ello innrømmer at dei ser mørkt på framtida.

– Eg fryktar at Kristiansund blir ein spøkelsesby. Det einaste som held oss i gang er Vestbase, men også dei slit med permitteringar. Eg kjem til å kome hit i morgon og halde fram som vanleg, men eg trur ikkje at motivasjonen blir så stor som den har vore tidlegare, seier Ove Ingebrigtsen.

– Slik som situasjonen er no, er dette ein heilsvart dag for oss som jobbar her. Motivasjonen for å gå inn og arbeide er lik null, seier Jan Erik Holm.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL