Hopp til innhold

– Ein fantastisk stor dag for Frp

Med KrF og Venstre ute av dansen kan Frp få ekstra stor makt i den nye regjeringa. Men nokon ministerpost vil Harald T. Nesvik framleis ikkje spekulere i.

Harald Tom Nesvik

Stortingspolitikar Harald T. Nesvik (Frp) vil ikkje spekulere i om han kan bli Noreg sin nye fiskeriminister.

Foto: Terje Reite / NRK

Framfor eit stort pressekorps gjorde Høgre-leiar og komande statsminister Erna Solberg måndag kveld det klart at det no blir Høgre og Frp som skal starte relle regjeringsforhandlingar.

KrF og Venstre blir ikkje med i Solberg si regjering. Etter tolv dagar med sonderingar, vel dei å gå i opposisjon framfor å regjere saman med Frp.

Les:

Frp i regjering for første gong

Erna Solberg har hatt ein draum om å få alle fire partia med i regjering, men Venstre og KrF seier altså nei.

Framstegspartiet, derimot, skal inn i regjering for første gong.

– Dette er ein fantastisk stor dag for Frp, seier stortingsrepresentant Harald T. Nesvik frå Ålesund.

På pressekonferansen måndag kveld orienterte dei fire partileiarane om ein samarbeidsavtale dei borgarlege partia har forhandla fram. Avtalen sikrar at KrF og Venstre får innflytelse på politikken framover, sjølv om dei ikkje sit i regjering.

Trine Skei Grande, Knut Arild Hareide, Erna Solberg og Siv Jensen

Trine Skei Grande (V), Knut Arild Hareide (KrF), Erna Solberg (H) og Siv Jensen (Frp) orienterte pressen om den historiske samarbeidsavtalen måndag kveld.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Dersom dei to partia på eit seinare tidspunkt likevel vil inn i regjering, er det ope for det.

– Frp gjekk inn i sonderingane med formål om å få til ein avtale mellom alle fire parti. Vi har no kome fram til ein avtale som på mange måtar gir retningslinjer for heile stortingsperioden. Vi kjem til å få gjennomslag for svært mykje Frp-politikk, det ligg også i denne avtalen seier Nesvik.

Nesvik som fiskeriminister?

Det har tidlegare vore spekulert i om ålesundaren kan vere aktuell som ny fiskeriminister, men Nesvik sjølv har ikkje vore interessert i å kommentere desse spekulasjonane.

Det vil han heller ikkje no, sjølv om det at KrF og Venstre har trekt seg, kan gjere at Frp får betydeleg fleire ministerpostar.

– Det er ingen som får meg til å uttale meg om eg kan tenkje meg å bli minister eller ei. Dette er heilt opp til vår partileiar, seier Nesvik til NRK måndag kveld.

Splitta KrF

Arild Iversen

Arild Iversen er fylkesleiar i KrF i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK
Pål Farstad

Pål Farstad seier at partiet hans, Venstre, har fått gjennomslag på fleire punkt, gjennom avtalen med dei andre partia.

Foto: Terje Reite / NRK
Helge Orten (H)

Helge Orten (H) er ny på Stortinget, og glad for å få Erna Solberg som statsminister.

Spørsmålet om regjeringssamarbeid med Frp eller ikkje har skapt splitting i KrF.

Fylkesleiar i KrF i Møre og Romsdal, Arild Iversen, har vore med på å gi råd til partileiinga i sonderingsperioden. Han trur det er til det beste for partiet å ikkje sitje i regjering.

– Eg trur ikkje at KrF vil ha problem med å samarbeide med desse fire partia, men det å sitje i regjering betyr eit dag-for-dag-samarbeid. Det kan bety sterk slitasje. For KrF kan det vere minst like bra å ha ein positiv påverknad på politikken frå Stortinget si side i eit nært samarbeid med den sitjande regjeringa.

Venstre og Krf har fått gjennomslag

Sjølv om Krf og Venstre ikkje er med i regjeringa, avviser Pål Farstad (V) at desse partia er sett på sidelinja.

– Her er det forhandla fram ein god avtale, og eg meiner det var riktig å stå utanfor regjeringa. Vi har fått gjennomslag for viktige punkt, seier han.

Trine Skei Grande seier at Venstre no vil vere eit konstruktivt opposisjonsparti, men at samarbeidsavtalen dei fire partia imellom ikkje betyr at den nye regjeringa får fred fra dei to sentrumspartia.

Det er Farstad einig i.

– Venstre er litt meir bundne på hender og føter ved å vere med i regjering. Denne samarbeidsavtalen som vi har fått til no, gir oss dei moglegheitene vi er ute etter.

Les heile avtelen mellom dei fire partia

– Det viktigaste er at vi har fått til eit breitt borgarleg samarbeid

Helge Orten (H) skal inn i sin første periode på Stortinget, og trur han vil få ekstra mykje å seie som stortingsrepresentant når Høgre og Frp no truleg går inn i regjering saman.

– Det gjer det ekstra spanande, vi får store moglegheiter for innflytelse. Vi kjem til å få ein interessant kvardag i Stortinget med ei regjering som vil inkludere Stortinget på ein heilt annan måte enn det dagens regjering har gjort.

At draumen til Erna om å få alle fire partia med i regjering brast, synest han er leit, men peikar på at ein likevel får eit borgarleg samarbeid.

– Venstre og KrF sitt val må vi berre respektere. Det viktigaste no er vi har klart å få til eit klart borgarleg samarbeidsprosjekt, som eg trur blir veldig bra for landet framover.

Dei fire partia har site på overtid i sonderingane, og som partileiarane sa på pressekonferansen måndag, har alle gitt og teke.

– Sonderingar er ofte vanskeleg og tek tid. Det er fire ulike parti med fire ulike partiprogram som skal diskuterast gjennom og det er mange vankelege spørsmål som skal avklarast.