Hopp til innhold

– Eiksundtunnelen har blitt viktig

Eiksundtunnelen fører til stabil arbeidspendling til og frå kommunane på Søre Sunnmøre. Blant bedriftene som har merka effekten av Eiksundtunnelen er Ulstein Group. Organisasjons- og kommunikasjonsdirektør, Lene Trude Solheim, seier dei aldri hadde trudd at tunnelen ville bli så viktig. – Det var nok ingen som kunne føresjå det samfunnsreknestykket. Både i forhold til mobilitet og kvar folk bur, går på skule og jobbar. Det er med på å styrke heile regionen, ikkje berre Ytre Søre Sunnmøre. Vi ser at vi har eit komplimenterande næringsliv og offentleg sektor. På den måten blir vi ein sterk region som kan tilby attraktive jobbar innanfor mange yrkes- og fagretningar, seier Solheim.

Lene Trude Solheim
Foto: Aleksander Båtnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL