– Ei vanskeleg oppgåve

Molde-trenar Helle Thomsen seier at det er ein fordel for handballdamene til Molde at dei i går kveld vann det første oppgjeret mot Larvik 24–21 i sluttspelet i eliteserien. Men ho legg vekt på at dette berre var første stikk i kvartfinalane, og at dei har ei stor oppgåve framfor seg i returoppgjeret. – Vi veit at Larvik kan spele betre og sjølvsagt har dei ein sjanse til å vinne i Molde på fredag. Så det blir ei ny vanskeleg oppgåve, seier Thomsen. Returkampen skal spelast i Molde fredag. Dersom Molde også vinn denne kampen går dei vidare frå kvartfinalane.

Helle Thomsen
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix