NRK Meny
Normal

– Har aldri opplevd eit liknande medietrykk

Sunnmøre tingrett er fornøgd med gjennomføringa av den største rettssaka på fleire år. Men det var utfordrande, seier sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset.

Kirsti Høegh Bjørneset

Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørrneset er fornøgd med gjennomføringa av Akslasaka i Sunnmøre tingrett.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er mange år sidan Sunnmøre tingrett har hatt ei sak som har skapt like stor merksemd som drapet på Anja Weløy Aarseth (21). Meir enn 40 pressefolk var til stades då saka starta. I tillegg hadde fleire publikummarar møtt opp.

Teknisk hjelp

Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset seier det var ei utfordrande rettssak å gjennomføre.

– Det var utfordringar i forhold til teknikken, for eksempel det å overføre lyd og bilde til eit eige rom, fortel ho.

Tinghuset har ikkje slikt utstyr liggjande, og måtte derfor leige praktisk hjelp.

– Det har også ei kostnadsside. Men i sum så gjekk det bra, og vi fekk det på plass, legg Bjørneset til.

  • Les alt om drapssaka her

Større medietrykk

Media rapporterte fortløpande om alt som skjedde i rettssalen fem dagar til ende. Sunnmøre tingrett har tidlegare hatt sjøforklaringar etter skipsforlis som kan måle seg med Aksla-saka, men likevel skil ho seg ut.

– Media i dag er noko heilt anna enn det var for nokre få år tilbake. Det er noko heilt nytt at det er så stor medieinteresse rundt ei sak. Det er også nytt med dei krava og forventningane frå pressen for å få dekkja hovudforhandlingane fortløpande, seier sorenskrivaren.

Lærdom

Bjørneset meiner det ligg mykje lærdom i å gjennomføre ei så omfattande og stor sak.

– Lærdommen er at god planlegging gir dei beste rammene for å få avvikla ei sak på ein god og verdig måte.Sakene treng heller ikkje vere så store som denne for at ein bør tenkje igjennom på forkant kva for offentleg interesse det kan vere og om det er behov for tilrettelegging, avsluttar ho.