Hopp til innhold

– Ei krise kan vere bra

Fem hundre pengefolk og investorar samlar seg i Ålesund.

Børs og Bacalao

Arrangørane i Sparebanken Møre gler seg til storinnrykk på Norsk Maritimt Kompetansesenter torsdag. F.v.: Informasjonssjef Tone Skotheim Gjerdsbakk, arrangementssjef Grete Vikestrand og konferansier/ass.banksjef Tove Lunde Bjørge.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er dei fremste investorane i landet som møtast til ein av dei største konferansane i sitt slag. Det heile skjer på Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund torsdag ettermiddag og kveld.

Pengefolket har mykje å snakke om: Mykje er uvisst rundt oljeprisen. Det er frykt for kva som skjer i USA og Kina.

Børs og bacalao

Fem hundre investorar samlar seg i desse lokala på Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund torsdag. Grete Vikestrand er arrangementsansvarleg i Sparebanken Møre.

Foto: Tore Ellingseter

På konferansen Børs og Bacalao i regi av Sparebanken Møre ser dei på kva dette betyr for økonomien i næringslivet og finansmarknaden.

NRK Møre og Romsdal sender direkte frå konferansen i fjernsynssendinga på NRK1 torsdag kl. 18.45.

Sjølvaste toppsjefen i Statoil er ein av mange som skal i aksjon. Eldar Sætre frå Vartdal i Ørsta er konsernsjef i noregs største selskap.

Les også: Børsras fører til større forskjeller

– Krise ikkje berre negativt

Det var Tove Lund Bjørge som fekk ideen. No er det tiande gong Sparebanken Møre samlar investorane på ein slik måte. Bjørge er konferansier:

– Det er mykje snakk om nedgangstider og krise akkurat no. Men ei krise kan vere bra for langsiktige investorar.

– Korleis det?

– Ein veit aldri når det er tid for å handle. Når marknaden fell mykje, kan ein gjere gode kjøp i gode selskap, seier Tove Lunde Bjørge. Ho er assisterande banksjef i Sparebanken Møre.

Bacalao

Bacalao står på menyen når nesten 500 investorar samlar seg i Ålesund på torsdag. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Pernille Wroldsen / NRK

– Bacalaoen er viktig

Grete Vikestrand er arrangementsansvarleg. Ho skal ha kontroll på alle detaljane.

– Vi inviterer kundar, investorar og andre til seminar om tidsaktuelle tema. Minst like viktig er bacalaoen og minglinga, seier ho smilande.

No ser ho fram til fullt hus med 500 besøkande på torsdag.

Eldar Sætre

Toppsjef frå Vartdal i Ørsta: Konsernsjef Eldar Sætre i Statoil er eitt av mange sterke namn på konferansen Børs og Bacalao i Ålesund torsdag.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL