Hopp til innhold

– Ei klam hand

Under styremøtet i Helse Møre og Romsdal i dag tok tilsett-representant Mikal Gjellan til orde for å tone ned formuleringane om at Ålesund sjukehus skal vere det mest differensierte sjukehuset i Møre og Romsdal. – Formuleringa er med på å legge ei klam hand over ein del faglege diskusjonar i føretaket, sa Gjellan. Han viste til at befolkningsgrunnlaget uansett ville føre til at Ålesund sjukehus kom til å vere størst i fylket, og reagerte på det han kalla administrativ føringar om dette. Administrerande direktør Espen Remme viste til protokollar og bestillingar frå departementet som tilseier at Ålesund sjukehus skal vere det mest utbygte sjukehuset i fylket.

Mikal Gjellan
Foto: Terje Reite / NRK