Hopp til innhold

– Eg vil ta tilbake namnet mitt

Etter 2011 blei «Breivik» eit kjent namn over heile verda, og assosierast framleis med den tragedien som skjedde 22 juli 2011. Det vil Espen Breivik endre på.

– La oss aldri gløyme det som skjedde, men la oss gløyme «Breivik». Eg ynskjer å ta tilbake etternamnet mitt, seier Espen Breivik.

Det er ein blid Espen som tek i mot meg heime i Volda. For augneblinken er han heime på ferie, men elles bur og jobbar han i Oslo.

Han er ein av om lag tre tusen menneske i Noreg som deler same etternamn som Anders Behring Brevik. Sjølv fekk han eit anna forhold til namnet sitt etter 22 juli 2011.

– Eg er sjølvsagt glad i familien min og var stolt av namnet mitt. Eg hadde eit namn som eg hadde tilhøyrsel i. Så frå å gå frå det til at namnet mitt fekk ei heilt anna betydning etter 2011 var ei spesiell oppleving, seier han.

Ofte spurt om namnet sitt

Espen får ofte spørsmål om han er i slekt med Anders Behring Breivik.

– Ein gong når eg viste legitimasjon på polet fekk eg høyre; «oj, det var eit uheldig etternamn». Då blei eg ganske sett ut, seier Espen.

Også i utlandet har han opplevd spørsmål rundt etternamnet sitt.

– Eg var på interrail i Europa, og på toget i Tyskland skulle ein konduktør sjekke legitimasjonane min. Han studerte den lenge og henta etter kvart ein kollega, og så spurte dei til slutt om vi var i slekt, seier han.

– Det er klart det er ubehageleg å bli knytt til ei så tragisk hending med noko så intimt som ditt eige namn. Eg er ikkje i slekt med han, men sjølv om eg hadde vore det er det berre han som er ansvarleg for det som skjedde den dagen.

Espen har sjølv vore ein engasjert ungdomspolitikar og er no nestleiar i Røde Kors Ungdom, og det var spesielt i nokre tilfelle at han kvidde seg for å bruke namnet sitt.

– Det politiske ungdomsmiljøet er eit lite miljø, og eg møter ofte ungdomspolitikarar frå Arbeidarpartiet, då har eg kvidd meg for å bruke etternamnet mitt, seier han.

– Men også når resepsjonisten på hotellet spør etter namnet mitt, eller når eg skal sjekke inn på flyplassen har eg merka det. Ofte seier eg difor heile namnet mitt og ikkje berre etternamnet, held han fram.

Espen vektlegger at det ikkje er ein kritikk av dei som spør han om Anders Behring Breivik.

– Folk må gjerne spørje meg om etternamnet mitt, og eg svarar. Det er meir dei gjentatte situasjonane som gjer at det blir ubehageleg, seier han.

Negativ assosiasjon

I starten vurderte Espen å bytte etternamn for å sleppe assosiasjonane til Anders Behring Breivik. Eit raskt søk på internett viser at han ikkje er aleine. På ulike forum kan ein sjå spørsmål frå andre med same etternamn som har ynskja å skifte namn.

– Både familien og vener bad meg vente, og det gjorde eg. Etter kvart tenkte eg at dersom eg bytta etternamn så ville det vere han som vann. Då bestemte eg meg for at det ikkje var eg som hadde hans namn, men at det var han som hadde mitt, seier han.

I dag er det 2685 som er registrert med etternamnet Breivik ifølgje SSB.no. Det er færre enn i 2011, då han gjorde eit liknande søk. Om det skuldast 22. juli 2011 er vanskeleg å seie, men Espen skjønar at nokre kan ha valt å skifte namn.

– I starten brukte media heile namnet hans, men etter kvart blei namnet Breivik eit samleomgrep på sjølve tragedien som skjedde den dagen, og så blei det også eit vanleg omgrep på folkemunne, seier han.

– Eg kunne nok ønskt at media var litt meir konsekvente i bruken av namnet når ein snakkar om den verste hendinga på norsk jord sidan krigen, held han fram.

Dersom han gjer eit enkelt nettsøk på sitt eiget namn får han opp grufulle bilete frå den dagen, og saker som omhandlar Anders Behring Breivik.

– Når namnet ditt blir knytt til ein person som har teke livet av blant anna vener og kjende, så er det klart at det ikkje er alltid og i alle situasjonar du har lyst å bli minna på det,

Gløyme «Breivik»

Espen er tydeleg på at han ikkje ønskjer sympati, men at han heller vil sette fokus på ei problemstilling som fleire med det same etternamnet kan ha opplevd etter 22 juli 2011.

– Det eg har opplevd er sjølvsagt berre bagatellar i forhold til det involverte, pårørande og etterlatne sit igjen med. Ein skal aldri gløyme datoen og det som skjedde der, seier han.

– Ein må framleis snakke om korleis dette kunne skje, men eg håpar ein kan gløyme Anders Behring Breivik, i alle fall mannen, og heller assosiere namnet med alle oss andre som heiter Breivik og som står for det totalt motsette av det han gjorde, held han fram.

Han håpar at han i framtida kan skrive og uttale namnet sitt utan å vere redd for at nokon vil kople det til ein drapsmann og den tragedien som skjedde den dagen.

– Eg håper eg blir så trygg at eg sjølv ikkje tenker på han kvar gong eg seier namnet mitt, og at andre med det same etternamnet også kan bli stolte av det.

I dag er han glad for at han ikkje skifta etternamn. No tre år etter tragedien 22 juli 2011 ynskjer han å ta tilbake namnet sitt.

Er du stolt av namnet ditt no?

– Ja, eg prøvar. Tryggare no enn før i alle fall.