Hopp til innhold

– Eg skal fyrst lære, så ta over

– Eg har stor respekt for jobben som er gjort med Moldejazz, seier Anders Eriksson. I sommar er han med på festivalen, i oktober tek han over som sjef.

Avtroppande og påtroppande festivalsjef i Moldejazz

AV- OG PÅTROPPANDE: Anders Eriksson (t.h.) tek over sjefsstolen på Moldejazz etter Jan Ole Otnæs (t.v.).

Foto: Per Tormod Nilsen (NTB/Scanpix) / Øyvind Arvola

– Innvandra frå Sverige i 1985. Budde nesten ti år i Oslo. Har vore i Troms og Finnmark, og skal no til Molde.

Slik oppsummerer Anders Eriksson sitt liv når NRK ber han forklare kven som blir ny sjef for Molde Internasjonale jazzfestival.

Festivalsjef Jan Ole Otnæs i Moldejazz

AVTROPPANDE: Jan Ole Otnæs overlet sjefsstolen til Anders Eriksson.

Foto: Picasa 2.7

I oktober tek han over sjefsstolen etter Jan Ole Otnæs. I slutten av november 2012 vart det klart at Otnæs ville gje seg , og i januar tok jakta på arvtakaren til.

– Nettverk har alt å seie

– Eg får jobbe heile dagen med jazz, og det er jo fantastisk for ein med min bakgrunn, seier Eriksson.

For han har erfaring både som musikar, festivalarbeidar, produsent og prosjektleiar. I tillegg legg styret i Moldejazz vekt på at han har eit stort nettverk både nasjonalt og internasjonalt.

– Det nettverket har alt å seie. Ein er nøydd å vere i kommunikasjon med andre, meiner han.

Markant festival

– Ein person kan ikkje alt. Ein må halde ved like kunnskap, få tips, og finne nye kombinasjonar.

Festivalen vart arrangert fyrste gong i 1961, og er etter kvart stor i det internasjonale jazzmiljøet.

– Moldejazz er ein festival som er ganske markant. Det er ikkje eit kva som helst slags krinsstemne, for å seie det slik, seier Eriksson.

Han er klar over at mange ser på festivalen som viktig, både i norsk og europeisk samanheng.

Vil skape spennande møter

I sommar kjem han til Molde for å vere med på festivalen. Der vil han lære mest mogleg om korleis festivalen fungerer. All erfaring som ligg i administrasjonen i festivalen, og i arrangørkorpset rundt, meiner han blir viktig å dra nytte av når han etter kvart set seg i sjefsstolen.

– Det er klart det er morosamt å tenkje på samarbeid, både lokalt og internasjonalt. Det å få ordne spennande møter mellom utøvarar frå heile verda, det er ting eg har jobba mykje med, og som eg trur me kan setje på kartet, seier den påtroppande jazzfestivalsjefen til NRK.