Hopp til innhold

– Eg kan ikkje love at eg kjem tilbake

Ungdommen reiser ut og kjem ikkje tilbake. Kva skal til for å lokke dei unge heimatt til Kristiansund?

Magnus Brattøy Gundersen

Magnus Brattøy Gundersen er russ i Kristiansund til våren. Seinare flyttar han vekk for å studere og veit ikkje om han kjem tilbake.

Foto: Roar Halten / NRK

Vallogo

Om ein ser vekk frå arbeidsinnvandringa er det fleire som flyttar ut av Møre og Romsdal enn inn.

Ein av dei som veit han skal flytte frå Kristiansund, er Magnus Brattøy Gundersen (19). Han er russ til våren og seinare vil han reise vekk for å studere.

– Eg kan ikkje seie heilt sikkert om eg kjem tilbake til Kristiansund etter at eg har studert. Dersom eg skal kome tilbake til byen må her vere ein jobb for meg.

– Vi må få meir liv i byen

Magnus Brattøy Gundersen er ikkje åleine om å vere usikker på om han kjem til å kome heim etter endte studiar.

Geir Nordli

Geir Nordli (FrP) vil satse på meir liv i Kristiansund for å få dei unge til å bli verande.

Foto: Roar Halten / NRK

Politikarane i Møre og Romsdal har store utfordringar når det gjeld å både halde på dei unge og å få særleg jentene heimatt, også lokalpolitikarane i Kristiansund.

Ordførarkandidat Geir Nordli (FrP) vedgår at dei må tilretteleggje betre for at ungdommen skal trivast i byen. Han trur ein må få meir liv i byen, også på nattestid. For mykje er stengt og butikkar forsvinn frå sentrum, seier han.

– Kristiansund er ein fantastisk flott by, men det held ikkje berre med det. Vi må lage fleire plassar der ungdom kan møtast.

Går glipp av arbeidskraft

Geir Nordli peikar også på at Kristiansund må ha fleire høgskuletilbod.

Plansjef i fylkeskommunen, Ole Helge Haugen, stadfestar at dei ser at dei stadane som har høgskule kan vise til fleire ungdommar som blir verande.

Han er mest bekymra for at unge som tek høgare utdanning andre stader ikkje kjem heimatt.

– Jentene tek langt meir høgare utdanning innanfor alle greiner enn gutane. Dersom det er slik at jentene i større grad enn gutane ikkje ønskjer å kome tilbake, så går vi glipp av den høgkompetente arbeidskrafta som vi er heilt avhengige av for å drive omstilling og å skape nye arbeidsplassar.

Valstafett Kristiansund

Korleis ein kan behalde ungdomen var eitt av tema som vart teke opp i Kristiansund under valstafetten til NRK.

Foto: Roar Halten / NRK

– Eg må ha ein plass å jobbe

Maren Bergdal Sæther (19) meiner at utdanning ikkje har noko å seie om ein ikkje har arbeidsplassar. Ho har heller ikkje bestemt seg for om ho kjem tilbake til Kristiansund etter at ho er ferdig med utdanninga si.

Maren Bergdal Sæther

Maren Bergdal Sæther trur at fleire statlege arbeidsplassar må på plass i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

– Eg vil gjerne kunne kome tilbake til byen, men eg kjem ikkje tilbake om det ikkje er noko å kome tilbake til. Eg må ha ein plass å jobbe og eg vil nytte meg av den utdanninga eg tek.

Ho meiner det er viktig å få fleire statlege arbeidsplassar til Kristiansund.

Møre og Romsdal er det fylket i landet som har lågast tal på statlege arbeidsplassar. Får ein 5000 fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal, vil ein vere på landsgjennomsnittet.

– Ingenting kan måle seg med heimplassen

Victoria Smenes

Victoria Smenes (KrF) meiner ein bør fokusere på gründerar for å få på plass fleire arbeidsplassar.

Foto: Roar Halten / NRK
Verana Thomassen

Verana Thomassen reiste i 7 år før ho fann ut at ho ville heim til Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

Victoria Smenes (KrF) står på lista til fylkestinget og er leiar i KrFU Møre og Romsdal. Etter å sjølv ha studert vekke i fleire år, valde ho å kome tilbake for å bu nærare familien.

– Det viktigaste for ungdommen når dei kjem heim er å få ein plass å bu og ein god plass å jobbe. Vi må satse meir på fleire arbeidsplassar og støtte gründerar.

Noko av det som var avgjerande for at Verana Thomassen (27) skulle kome heim til Kristiansund var at ho fekk ein jobb innanfor kultur som ho verkeleg brenn for.

Då ho var 19 var det einaste ho ville å reise. Ho såg aldri for seg at ho skulle kome tilbake til byen, men slik vart det.

– Når du har reist mykje er det er ingenting som kan måle seg med heimplassen din. Det kom eit tidspunkt der eg hadde lyst å vere nær familie og vennar. Eg tenkte at Kristiansund var ein fin plass å slå seg ned i, og det angrar eg ikkje på.