– Eg hugsar ikkje noko frå 22. juli 2011

Fleire hundre tusen nordmenn som i dag er vaksne, eller på veg ut i vaksenlivet, var berre born då terrorangrepa mot regjeringskvartalet og Utøya skjedde. Kva minner har dei frå den dagen?

Runar Chang Nordgård

Runar Chang Nordgård var seks år gammal i 2011. Han hugsar ikkje noko frå 22. juli det året.

Foto: Privat

Det er ti år sidan heile Noreg sat med ein klump i magen, og følgde med på nyheitene om terrorangrepa mot regjeringskvartalet og sommarleiren til AUF på Utøya.

Ein dag alle hugsar, tenker dei som var vaksne nok til å få med seg hendingane.

Runar Chang Nordgård, 16 år

– Eg skal vere heilt ærleg å seie at eg ikkje hugsar noko som helst frå den datoen.

I 2011 var Runar Chang Nordgård frå Stjørdal i Trøndelag berre seks år gammal.

Runar Chang Nordgård

I dag er Runar Chang Nordgård 16 år, og skal starte på vidaregåande.

Foto: Privat

– Det minnet som store delar av landet har, at ein hugsar reaksjonen sin og gjerne kvar ein var då ein fekk vite om terrorangrepa, det har ikkje eg.

Sjølv har han aldri tenkt så mykje på akkurat dette. Og seier hans personlege kjensler kjennest irrelevante med tanke på det som faktisk skjedde.

Men Nordgård meiner at det er viktig å lære meir. På sykkeltur med klassen spurte han kva dei andre hugsa frå 22. juli 2011.

– Då gjekk svara i alt frå at dei ikkje hugsa det, til at dei veit det har skjedd, eller har sett ein film om det.

Hedda Hernborg, 18 år

22. juli for ti år sidan var Hedda Hernborg åtte år.

– Eg hugsar eigentleg ikkje noko av den dagen. Eg var i lag med ei venninne, og mor hennar fortalde oss at det hadde gått av ei bombe i Oslo. Det er det einaste eg hugsar.

Hedda Hernborg i Møre og Romsdal AUF.

Hedda Hernborg frå Molde er i dag aktiv i AUF i Møre og Romsdal.

Foto: Privat

I dag er Hernborg aktiv i AUF, og sit i fylkesstyret for Møre og Romsdal. Ho har sjølv oppsøkt informasjon om det som skjedde i Oslo og på Utøya for ti år sidan, for å lære.

Hernborg fortel at ho også har prøvd å ta opp dette på skulen.

– I løpet av skuleåret har eg fleire gongar prøvd å bringe opp 22. juli som eit tema i klasserommet. Men lærarane styrer raskt unna. Dei har sterk berøringsangst.

Ho seier fleire på hennar alder ikkje sit på den same kunnskapen som ho gjer.

– Andre har mange ulike historier om kva som eigentleg skjedde den dagen. Så eg trur det er viktig at vi lærer meir om kva som skjedde, konsekvensane, og kvifor det skjedde.

Kunnskap om 22. juli 2011 har nyleg kome inn på læreplanverket, som ein del av det tverrfaglege temaet «Demokrati og medborgerskap».

Cassandra Bergh, 19 år

– 22. juli, 2011 var eg i Ålesund og tok mine første hol i øyra. Då vi kom heim har eg eit svakt minne om at familien i Canada ringde og spurte om det gjekk fint med oss.

Cassandra Bergh

Cassandra Bergh frå Ålesund hugsar at ho var redd terroren skulle råke henne og familien.

Foto: Privat

Bergh fortel at far hennar skrudde på nyheitene, og såg kva som hadde skjedd i regjeringskvartalet.

– Eg hugsar veldig lite om Utøya.

Det trur ho sjølv handlar både om at ho vart skjerma frå hendinga, og at det var mykje å ta inn for ein 9-åring.

Når Bergh tenker tilbake til tida etter terrorangrepa, er det særleg éin ting som går om igjen og om igjen i hovudet hennar.

– Det eg hugsar godt er Maria Mena sin versjon av songen «Mitt lille land».

Heilt naturleg å ikkje hugse

I dag kjem det mange hender i været viss vi spør kven som ikkje har eigne minner frå dagen, seier Anne Talsnes ved 22. juli-senteret.

Ho seier at det i starten ikkje var nokon stor forskjell på korleis vaksne, og barn og unge reagerte då dei kom på besøk.

– Dei vart tekne med tilbake til dagen, og vart ekstremt triste og lei seg.

Anne Talsnes i 22. juli-senteret

Anne Talsnes ved 22. juli-senteret seier det kjem mange hender i været når dei spør kven som ikkje hugsar noko frå den dagen i 2011.

Foto: Ana Rita Ferreira/22. juli-senteret

Men i dag er forskjellen mellom vaksen og ung tydelegare.

Dei vaksne reagerer på same måte, seier Talsnes. Men for unge er 22. juli 2011 lenge sidan.

– Og det er klart det er lenge sidan, viss du er 14 år. Då er det mykje meir naturleg for dei at dette er ei historie dei må lære om.

Det ser 22. juli-senteret på som ei moglegheit, seier Talsnes.

– Dei som ikkje har eigne minner har kanskje mindre berøringsangst. Dei stiller gode, empatiske og direkte spørsmål om det som skjedde, og det trur eg kan hjelpe oss i samtalen vidare.

Høyr podkastserien Hele historien: