– Eg har knallsterke poeng

Før oppgjeret mot Kristiansund gjekk Christian Gauseth ut i media og kritiserte nordmørslaget for å mangle ein eigen spelestil, og berre satse på lange ballar. Moldensaren som spelar på Mjøndalen seier etter 1-1-kampen mot Kristiansund at han ikkje angrar på kommentarane. – Eg kan godt fyre litt, eg. Det er med på å auke interessa for produktet. Spesielt når eg har så knallsterke poeng som eg har i dette tilfellet, seier Gauseth til NRK. Moldensaren var faktisk sist på begge måla i denne kampen. Han scora sjølv på vakkert vis 1–0 til Mjøndalen i første omgang. 1-1-scoringa til Amidou Diop nokre minutt før slutt gjekk så vidt via Gauseth. – Alltid artig å score. Men vi skulle ha hatt tre poeng i dag, meiner Mjøndalen-kapteinen.

 Christian Gauseth på Mjøndalen
Foto: Berit Roald / NTB scanpix