NRK Meny
Normal

– Eg hadde ei ekkel kjensle

Jostein Solvoll møtte truleg drapsmannen like ved åstaden rett etter drapet på Anja Weløy Aarseth.

Eitt av nøkkelvitna til politiet vitna i Aksla-saka onsdag. Tidlegare politimann Jostein Solvoll møtte truleg drapsmannen like ved åstaden rett etter drapet på Anja Weløy Aarseth. Solvoll synest det er vanskeleg å tenkje på at han kanskje kunne ha avverga drapet, dersom han hadde kome litt før.

Kvelden Anja Weløy Aarseth vart drepen var Jostein Solvoll ute og gjekk tur på Aksla i Ålesund. Like ved staden der 21-åringen seinare vart funnen, møtte den pensjonerte politimannen ein person han reagerte på.

– Då han nærma seg meg begynte han å gå med meir og meir bøygd hovud. Han hadde lua og hetta trekt langt fram, slik at eg prøvde å snu meg for å sjå andletet hans, fortel Solvoll til NRK.

Onsdag var Jostein Solvoll eit av nøkkelvitna til politiet i rettssaka. Den tidlegare politimannen synest det er vanskeleg å tenke på at han kanskje kunne ha avverja drapet, dersom han hadde kome litt før.

– Eg fekk ei ekkel kjensle av at noko var gale og at han forsøkte å skjule noko. Då var vi berre 15 meter frå der ho låg.

– Korleis er det å tenkje på?

– Det er veldig spesielt, seier Solvoll ettertenksamt.