Hopp til innhold

– Eg føler at eg har fått livet mitt tilbake

I april i år fekk alvorleg nyresjuke Anne-Berit Halås frå Vestnes ei unik moglegheit. Ho er ein av svært få i landet som får ta bloddialyse heime. Det har endra livet hennar.

Anne-Berit Halås

Anne-Berit Halås frå Vestnes er ein av få som får ta bloddialyse heime.

Foto: remi sagen / nrk

Anne-Berit har vore nyresjuk sidan ho var fem år gamal. I 1993 vart ho så sjuk at ho trengde nyretransplantasjon. Faren donerte ei nyre, men etter 11 år sa organet takk for seg.

Sidan då har ho vore avhengig av dialyse fleire gongar i veka. Slik det ser ut no kan ho ikkje gå gjennom fleire nyretransplantasjonar og er budd på at dialysen må vere med ho resten av livet. I april i år blei livet derimot mykje enklare då ho fekk installert ei dialysemaskin i heimen sin på Vestnes i Møre og Romsdal.

– Eg føler at eg har fått kontroll over sjukdomen og ikkje minst livet mitt. Eg slepp å føle meg som ein pasient heile tida og eg kan velje sjølv korleis eg vil bruke tida mi. Det er nesten ubeskriveleg kor fantastisk det er, seier Anne-Berit.

Lang reiseveg

Dei siste fire åra har Anne-Berit blitt køyrt frå Vestnes til sjukehuset i Ålesund, for å ta hemodialyse opp til fem gongar i veka. Turen tok om lag ein time kvar veg.

– Eg måtte ofte stå opp i sjutida og var som regel ikkje heime før etter fem på ettermiddagen, og då var eg som regel heilt utsliten, seier Anne-Berit.

Dialyse heime

Ektemannen Arild Ove Halås hjelper Anne-Berit med dialysen.

Foto: Remi Sagen / NRK

No ser kvardagen derimot annleis ut. Heime på vaskerommet i Vestnes, har ho installert seg med ein godstol, fjernsyn og ein dialysemaskin. Tal frå Kunnskapssenteret viser at ved utgangen av 2012 var det 11 nyresjuke i landet som tek hemodialyse i sin eigen heim.

Prøvene har vore så fine at Anne-Berit no berre treng å reise til sjukehuset kvar fjortande dag på kontroll.

For Anne-Berit betyr det utruleg mykje å ha denne fridomen. Trass i at ho er avhengig av dialyse resten av livet, kan ho no kan eg gjere det i trygge rammer heime. Ho kan i større grad styre tida si sjølv, og slepp å vere på sjukehuset kvar dag.

– Det er noko med å ha kontroll over sjukdomen sjølv. Då føler ein seg ikkje så sjuk. Eg føler nesten at ting er som før, Anne-Berit.

– Det har alltid vore viktig for meg at eg skal ha kontroll over sjukdomen og ikkje den over meg. Det føler eg at eg har fått no, held ho fram.

Like naturleg som middag

Anne-Berit skryt av ektemannen Arild Ove Halås. Det er han som hjelper henne kvar dag. Han har fått opplæring og er den som stikk henne med sprøyter og koplar henne til dialysen.

– Han er så flink og roleg at eg føler meg heilt trygg, seier ho.

Det er ein føresetnad for at Anne-Berit skal kunne ta dialysen heime. Ektemannen må nemleg vere i huset medan ho tar dialyse, dersom noko akutt skulle oppstå.

– Eg er så heldig som har han. Det at ektemannen min kan hjelpe meg med dette i staden for ein sjukepleiar gjer at det blir ein del av kvardagen. For oss er dialyse nesten like naturleg som å lage middag, seier ho og ler.

Anne-Berit Halås

I år kunne Anne-Berit Halås og ektemannen vere heime i jula takka vere dialysemaskina.

Foto: privat

Meir tid til andre ting

Dialysemaskina gjer at dei no kan bruke meir tid på det dei vil og mindre tid på sjukdomen. Før måtte dei søkje gjestedialyse andre stader dersom dei ville reise nokon plass og alle reiser måtte planleggast i god tid.

I fjor enda paret på ferie i Fredrikstad, fordi det var einaste sjukehuset som kunne ta imot dei. Det har også ført til at Anne-Berit, som er frå Stord, har måtta avlyst mange turar heim til familien, fordi ho ikkje har fått dialyse.

Det er derimot ikkje eit problem no lenger. Dialysemaskina er så liten og enkel at dei kan ta den med seg dit dei vil, og for fyrste gong på lenge kan ekteparet gjere det dei vil, når dei vil.

I år reiste vi på ferie dit vi ville for fyrste gong på ti år.

Anne-Berit Halås

– Det er ikkje lenger andre som til ei kvar tid kan bestemme kvar eller når eg kan reise. No kan eg reise å besøke venner og familie når eg vil, seier Anne-Berit.

– Vi føler begge at vi har fått eit nytt liv. Den tida vi tidlegare brukte på reising kan vi no bruke på ting som vi har ynskt å gjere lenge, men som vi måtte utsette på grunn av sjukdomen, held ho fram.

Også jula blei annleis i år. I år har Anne-Berit vore heime heile jula saman med familien i staden for å vere på sjukehuset.

– Vi har hatt besøk og kosa oss. Det høyrest kanskje ikkje så svært ut for andre, men for oss betyr det alt, seier ho.

Får ta dialyse heime

Sjå tv-reportasjen som blei laga om Anne-Berit då ho fekk dialysemaskina.