– Eg er fortvila og rasande

Dei tillitsvalde i partiet Venstre er sjokkerte over at ei ung jente skal ha blitt valdteken på eit partiarrangement i Rogaland. – Eg er fortvila og rasande, seier fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal, Gunn Berit Gjerde (V).

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde seier ho er både fortvila og rasande etter det som skjedde i samband med fylkesårsmøtet i Rogaland Venstre.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Møre og Romsdal er eit av fylka i Noreg der Venstre har størst tilslutnad. Tysdag kveld blei det kjent at nestleiar Helge Solum Larsen er sikta for valdtekt, og at han har trekt seg frå alle verv i partiet. Det er ei 17 år gamal jente som har meldt han til politiet for valdtekt.

– Det er heilt uakseptabelt at unge jenter, eller unge gutar for den del, skal bli utsette for overgrep. Det er den vaksne som har ansvaret, seier Gunn Berit Gjerde.

– Dei var ikkje på like fot

Solum Larsen har vedgått at han har hatt sex med den 17 år gamle jenta, men vedgår ikkje å ha valdteke henne. Han er no innlagt på sjukehus.

– Eg har aldri skjønt vaksne folk som ikkje kan halde seg til vaksne folk som kan seie ja eller nei på lik fot, seier Gjerde.

– Vonar ho blir teken vare på

Jenta er 17 år. Bistandsadvokat Berit Johannessen seier at jenta har nokre tøffe dagar bak seg, etter det som skal ha hendt på årsmøtet i Rogaland Venstre. Partiet Venstre har hatt kontakt med jenta, og henta har, ifølgje bistandsadvokaten, opplyst at partiet har gitt henne god oppfølging.

Eg vonar inderleg at jenta får god nok hjelp til å kome seg vidare i livet. Vi har sett mange gonger at gutar og jenter slit resten av livet etter overgrep. No vonar eg at ho får hjelp, slik at ho får vere eit heilt og trygt menneske vidare, seier Gjerde.

– Føler seg sviken

Det er Haugaland og Sunnhordland politidistrikt som etterforskar saka. Den 17 år gamle jenta blei avhøyrd tysdag. Solum Larsen er sikta for valdtekt etter paragraf 192 a i Straffelova.

Ein 17-åring er ikkje så moden at ein føler seg på like fot med ein vaksen. Ein er i gang med forminga av livet. I eit slikt tilfelle vil ein føle seg sviken av ein som var ein autoritet som hadde ein leiarfunksjon, seier Gjerde.

– Korleis tykkjer du Trine Skei Grande har handtert saka?

– Eg har ikkje vore til stades i prosessen, så eg veit ikkje nøyaktig korleis dette har vore gjort. Men jenta sjølv seier ho er blitt teken godt vare på. Trine Skei Grande er både klok og ho har hjartevarme. Ho har også jobba med slike saker, så ho har kunnskap om korleis dette skal taklast. For meg ser det ut som om ho har brukt både hjartevarmen og kunnskapen, seier Gjerde til NRK.