Hopp til innhold

– Eg elskar Molde

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kom med publikumsfrieri og samanlikna politikk og jazzmusikk då han opna den 55. jazzfestivalen i Molde.

Opning Moldejazz
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Til trass for 15 grader og overskya vêr var det mange som hadde møtt opp for å få med seg opninga av årets Moldejazz.

ordførar i Molde Torgeir Dahl

Moldeordførar Torgeir Dahl ser fram til ei underhaldande konsertveke.

Foto: Silej Bjerknes / NRK

Det gråe vêret la likevel ingen dempar på stemninga i rosenes by. Til lyden av spenstige tonar dansa paraden nedover Moldes gater til stor glede for dei frammøtte.

– Opninga av Moldejazz er like fantastisk, uansett vêr, seier ordførar i Molde Torgeir Dahl og fekk stor jubel frå dei frammøtte i Alexandraparken.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen stod for den offisielle opninga av festivalen og gjekk fremst i paraden saman med dagleg leiar i Moldejazz Hans-Olav Solli.

– Det var veldig morosamt å leie paraden. Det vart ikkje så mykje dansing på meg, men musikken er fantastisk så om eg var aleine så hadde eg nok slått meg laus, seier Isaksen lattermild.

Også tidlegare i dag kommenterte Isaksen dansinga på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Eg elskar Molde

Isaksen heldt ei engasjerande og noko sjølvironisk tale under opninga i Alexandraparken. Ministeren starta tala med å fortelje om eit møte han hadde hatt med ei kvinne då han kom til Molde i går.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen stod for den offisielle opninga av Moldejazz.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Ho spurte om ho ikkje hadde sett meg før. Så sa ho, ja sjølvsagt, du spelar på Molde, seier Isaksen medan publikum bryt ut i latter.

– Og då må eg innrømme at til trass for at eg er fødd i Ålesund og har familie på Sunnmøre, så må det vere lov å seie at eg elskar Molde.

For å kome til ein by der nokon trur at denne kroppen kan brukast til fotball på toppnivå, det tek eg som eit stort kompliment, heldt Isaksen fram til rugande jubel frå dei frammøtte.

Samanlikna politikk med jazzmusikk

Isaksen trekte også parallellar mellom jazzmusikken og politikken i opningstala si.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Isaksen prøvde å svinge seg i dansen under opninga av Moldejazz måndag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Begge handlar om samspel, å høyre på og ta omsyn til andre og improvisasjon, seier han.

Til trass for fleire humoristiske innspel i løpet av talen, sette kunnskapsministeren også fokuset på den sentrale rolla som Moldejazz spelar for musikklivet i Noreg.

– Dei må nok ha vore litt galne dei som bestemte seg for å starte Moldejazz for 55 år sidan, men vi treng slike folk, sa han.

Festivalen er viktig for Molde og regionen, med det er også viktig for jazzmiljøet i heile Noreg, sa Isaksen og erklærte med det festivalen for opna.

Parade Moldejazz.

Skjebneår for Moldejazz

Det er venta om lag 60.000 besøkande i Molde denne veka, men Moldejazz har tidlegare slite med økonomien, og det er avgjerande for festivalen å få gode besøkstal.

Dagleg leiar i Moldejazz, Hans-Olav Solli, er fornøgd med førehandssalet, men håpar at enno fleire tek turen til Molde.

– Vi har selt om lag halvparten av billettane, så det lovar godt for resten av veka. Men det er knytt stor spenning til dei store namna og kor mange billettar vi sel på dei konsertane, seier han.

Satsar på breidde

Moldejazz ønskjer å satse på eit variert tilbod under jazzfestivalen med både lokale og internasjonale artistar. På artistlista står blant anna armenske Tigran Hamasyan, ein jazzartist som hentar inspirasjon frå armensk folkemusikk.

Robert Plant på Bergenfest 2014
Foto: Roy Bjørge

Tubaist Daniel Herskedal frå Molde skal opptre fredag 17. juli, og onsdag 15. juli møtes Oakland Interfaith Gospel Choir frå USA og SKRUK i Molde Domkirke.

Der finn ein også den kanadiske pianisten Kris David, pianisten Vijay Ivyer med sin trio og saksofonisten Marius Neset, som mellom anna har blitt nominert til Nordisk råds musikkpris.

Også trioen Krokofant og bassisten Bjørn Alterhaug skal halde konsert i Molde denne veka.

Festivalen har i tillegg store internasjonale namn på artistlista, Dee Dee Bridgewater & The New Orleans Jazz Orchestra, Nils Petter Molvær, Veronica Maggio og den amerikanske soulartisten D'Angelo kjem også til Moldejazz.

Solli trur det blir ei travel veke, men ser fram til å få med seg dei fleste konsertane. Og det er spesielt ein konsert han gler seg til å oppleve.

– Det er vanskeleg å velje, men dersom eg må trekke fram ein, så må det vere Robert Plant – Led Zeppelin-vokalisten. Det er verkeleg stort at han kjem hit til Molde, seier Solli.

Jazzfestivalen varer fram til laurdag.