NRK Meny
Normal

– Du må vere i fyr og flammar

Ungdomspolitikarane er ikkje i tvil om at eit glødande engasjement er avgjerande i kampen om dei unge veljarane.

Victoria Smenes

Victoria Smenes, fylkesleiar i Kristelig Folkepartis Ungdom i Møre og Romsdal, og dei andre ungdomspolitikarane i Møre og Romsdal er einige om at ein må tru på det ein seier for å vinne dei unge veljarane.

Foto: Privat

Valglogo
AUF-leder Eldbjørg Osen

Eldbjørg Osen, leiar i Møre og Romsdal AUF, meiner at å møte dei unge veljarane ansikt til ansikt er avgjerande.

Foto: Privat

– Du må verkeleg tru på det du seier dersom du skal vinne dei unge veljarane, det er ungdomspolitikarane i Møre og Romsdal einige om.

Eldbjørg Osen, leiar i Møre og Romsdal AUF, meiner at å møte dei unge veljarane ansikt til ansikt er avgjerande.

– Det er veldig viktig. Du ser det lyser av personen når dei snakkar om noko dei brenn for. Eg meiner det er ein avgjerande faktor for å få dei til å høyre på bodskapen din, seier ho.

Engasjement er viktig

Ikkje minst er skulen ein viktig arena. Her kan unge politikarar møte dei unge veljarane.

Men det er ikkje nok å ha eit bodskap, engasjementet må vere på plass, meiner Victoria Smenes som er fylkesleiar i Kristelig Folkepartis Ungdom i Møre og Romsdal.

Johannes Bergh

Johannes Bergh, forskar ved Institutt for samfunnsforsking, trur den mest effektive måten å nå veljarane er ansikt til ansikt.

Foto: Kyrre Lien / Institutt for samfunnsforskning

– Eg trur hemmelegheita er å vere i fyr og flamme om det du snakkar om. Då forstår folk at du trur på det sjølv. Det handlar ikkje om å selje inn politikken, men å kunne forklare folk kvifor det er så viktig for meg, seier ho.

Sosiale medium er for lengst blitt ein arena for som folk flest brukar til dagleg for å kommunisere med andre. Også politikarane brukar dette flittig i kampen om veljarane, men ungdomspolitikarane meiner det er minst like viktig å møte unge veljarar ansikt til ansikt.

– Det er lite forsking som viser at det har ein klar effekt, men sosiale medium kan vere ein god metode for å nå ungdomen, seier Johannes Bergh, forskar ved Institutt for samfunnsforsking.

– Men det mest effektive er truleg å møte veljarane personleg, held han fram.

Skulevala er viktige

Dei møta kan raskt bli avgjerande i kampen om dei unge veljarane. Skulevala vil gi ein peikepinn på om møta har vore ein suksess.

Å vinne skulevala henger høgt, meiner Sunniva Bøstrand i Unge Høgre.

– For oss betyr det utruleg mykje. Vi vann skulevala i 2013 og det trur eg hadde betydning for fylket, seier ho.