Hopp til innhold

– Dette må vi gjere noko med

Verdsarvområdet rundt Geiranger kan bli eit pilotprosjekt for ny landbrukspolitikk med Sveits som modell. Talet på beitedyr må opp om ein skal hindre avfolking og attgroing i kulturlandskapet. – Det er vanskeleg å nå fram. Vi har hatt mange viktige møter, der det har vore klar konklusjon om at dette må vi gjere noko med, seier Arne Sandnes, styreleiar i Verdsarvrådet. Folk frå reiseliv, landbruk og verdsarvorganisasjonen var samla i Eidsdal i dag. Bodskapen er at støtteordningane i dag ikkje er gode nok på dette området, og at Noreg bør lære av Sveits.