Hopp til innhold

– Dette har vore ei styrt utvikling

Tidlegare stortingsrepresentant og styremedlem i Helse Midt-Noreg, Asmund Kristoffersen, meiner sjukehusøkonomien i Møre og Romsdal er eit resultat av ein styrt utvikling. I ein kronikk skriv Kristoffersen at fleirtalet i styret tvang gjennom gjennom ein ny finansieringsmodell - den såkalla Magnussen-modellen - som innebar ei kraftig omfordeling av pengane i helseregionen. Han meiner modellen ikkje tar omsyn til avstandar og befolningsutvikling, og den var ikkje egna for sjukehusa i Møre og Romsdal. Situasjonen som er skapt, er uverdig, seier Kristoffersen.

Asmund Kristoffersen
Foto: Arild Pettersen / NRK