Hopp til innhold

– Dette er reine julekvelden

Norsk Lastebileier-forbund jublar ovet satsinga på utbetring av E136 i regjeringa sitt forslag til Nasjonal Transportplan.

Svein Kroken

Lastebileigar Svein Kroken synast utbetringa av E136 er ein gåvepakke.

Foto: Trond Vestre / NRK

I føremiddag blei det kjent at det blir løyvd 3,4 milliardar kroner til Lerstadvegen i Ålesund, strekninga Flatmark, Monge, Marstein i Romsdalen, samt Stuguflåten-Rødstøl og krabbefelt på Ørskogfjellet.

Nasjonal Transportplan gjeld for 2018-2019, og alle desse prosjekta er planlagt gjennomført i første planperiode.

– Over all forventning

Nyhenda kom då stortingspolitikarar møtte pressen til ein pressekonferanse ved Lerstad skole i Ålesund onsdag.

Svein Kroken i Norsk Lastebileier-forbund er veldig godt fornøgd.

– Dette er reine julekvelden! Dette er over all forventning. Det er dette vi har bedd om å få og no ser det ut til at vi får det.

Lastebileigarane har lenge kjempa for å utbetre hovudtransportåra ut frå Møre og Romsdal.

– Dette har vi lagt ned utruleg mykje arbeid i for å få.

– Regjeringa leverer

Lars Olav Hustad
Foto: Trond Vestre / NRK

Ein av dei Kroken kan dele gleda med, er Rauma-ordførar Lars Olav Hustad (H).

– Denne regjeringa leverer når det gjeld samferdsle, det er det ingen tvil om.

I Rauma susar det forbi lastebilar heile døgnet, på smale og uoversiktelege vegar.

– Det er ikkje tvil om at vegane våre er ein flaskehals i dag, seier Hustad. Det er veldig gledeleg at regjeringspartia no tek tak i E136, som har stor betydning for regionen.

No håper Hustad at det med ei stor økonomisk ramme på plass skal vere mogleg å gjere endå meir for å utbetre E136.

– Vi får sjå på moglegheitene for å få til andre punkt på E136 som er kritiske.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL