Hopp til innhold

– Dette er reaksjonar på sentraliseringsbølgja

Jenny Klinge (Sp) er sikker på at partiet vinn veljarar på at folk reagerer på sentraliseringspolitikken. På årsmøtet til Møre og Romsdal senterparti i helga var det stor innsatsvilje for å sette ein stoppar for sentraliseringa.

Jenny Klinge

Jenny Klinge og Senterpartiet vinn veljarar på at folk reagerer på sentraliseringspolitikken, trur ho.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det var fenomenalt positivt, seier Jenny Klinge om årsmøtet til Møre og Romsdal Senterparti.

Lokalpolitikarane i Senterpartiet har saman med stortingsrepresentant Jenny Klinge stor tru på at partiet kjem i regjering igjen frå hausten.

Vender seg mot Senterpartiet

Senterpartiet har hatt stor framgang på dei siste meiningsmålingane, der fleire har vore på tett under 10 prosent.

Klinge er heilt sikker på at dette er eit resultat av sentraliseringspolitikken som den sitjande regjeringa fører.

– Folk byrjar å reagere på sentraliseringsbølgja. Det er tidenes verste sentraliseringsregjering vi har og Senterpartiet har stått på imot sentralisering i mange år og er truverdig på feltet. Det ser veljarane.

Sentraliseringspolitikk

På Møre og Romsdal Senterparti sitt årsmøte i helga vart det blant anna diskutert korleis partiet skal vinne endå fleire veljarar.

– Målet vårt er å kome i regjering frå hausten av for å gjere noko med sentraliseringspolitikken. Vi kan ikkje halde fram med å la dette flotte landet vårt bli sentralisert, då blir det ikkje lenger det landet som vi er så glad i.

Fram mot valet skal dei halde fram med å snakke om levande lokalsamfunn, verdiskapinh og eit mangfaldig landbruk i heile landet.

– Vi skal stå på og reise rundt i Møre og Romsdal før valet. Vi skal halde fram med å stå på for dei sakene som vi har kjempa for og for nye som måtte dukke opp, seier Klinge.

Jenny Klinge saman med Marit Nerås Krogsæter og Geir Inge Lien

Jenny Klinge er på førsteplass på Møre og Romsdal Senterparti si liste til Stortingsvalet. På andreplass finn ein Geir Inge Line og på tredje Marit Krogsæter.

Foto: Jørgen Singsdal

Kan få selskap på tinget

Jenny Klinge har vore den einaste senterpartirepresentanten på Stortinget, men held dei gode resultata på meiningsmålingane fram, kan ho få selskap. Senterpartipolitikarane trur sjølve at dei kan få to mandat her i fylket ved stortingsvalet til hausten.

– Det har vore snakk om ved kvart val, men det er først i år vi innser at dette er mogleg. To på tinget frå Møre og Romsdal er absolutt noko vi kjem til å kjempe for fram mot september.

– Det som er viktig for meg som førstekandidat er at dei andre på lista vert synlege

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL