NRK Meny
Normal

– Denne nedlegginga er lite gjennomtenkt

Ordførar Ståle Refstie i Sunndal reagerer på Statnett sitt forslag om å leggje ned driftssentralen i Sunndal.

Høye strømpriser

I mars neste år skal styret i Statnett endeleg vedta om driftssentralen på Sunndalsøra skal leggast ned.

Foto: Tor Richardsen / Scanpix

Ei eventuell nedlegging av driftssentralen kan spare Statnett for ti millionar kroner årleg. På same tid fører rykta om nedlegging til at dei ti tilsette ved sentralen går ei usikker framtid i møte.

Ordførar Ståle Refstie fekk servert opplysningane under gårsdagens kommunestyremøte i Sunndal, og sette lite pris på det han fekk høyre.

– Min første reaksjon var at dette betyr tap av viktige arbeidsplassar i Sunndal, og når eg set meg meir inn i saka så ser eg at dette har overordna regionale konsekvensar som vi bør vere uroa for, seier Refstie.

– Ikkje ordentleg utgreiia

Ståle Refstie

– Så vidt eg kan sjå så er ikkje denne nedlegginga ordentleg utgreiia, seier ordførar Ståle Refstie i Sunndal.

Foto: Roar Halten / NRK

Den nedstemte ordføraren meiner forslaget om ei eventuell nedlegging av driftssentralen, som står for kontrollen med straumnettet frå Sognefjorden i sør til Fauske i nord, verkar lite gjennomtenkt.

– Så vidt eg kan sjå så er ikkje denne nedlegginga ordentleg utgreiia heller. Det spørst om det er forsvarleg å drifte det viktige straumnettet i vår region frå berre dei to sentralane i Oslo og i Alta, seier Refstie.

Ivar Hansen er tillitsvalt ved driftssentralen på Sunndalsøra, og sjølv om han ikkje ser like mørkt på situasjonen som ordføraren, er han svært spent på framtida for dei ti tilsette ved sentralen.

– Vi håpar vi kan slå eit slag for eit kraftig Statnett-miljø på Sunndalsøra, men miljøet er bygd kring dagens drift. No er den usikker, seier han.

Dommen kjem i mars

Statnett uttalar at ei samanslåing av sentralane i Alta og på Sunndalsøra og økonomien er hovudgrunnane til forslaget, og at verken ordføraren eller andre skal frykte at tilbodet vil bli dårlegare.

– Statnett vil ikkje gjere noko som svekker driftstryggleiken noko stad, verken i Sunndalsøra eller i den regionen, seier direktør Øyvind Rue i nettdriftsdivisjonen i Statnett.

I mars neste år skal styret i Statnett endeleg vedta om driftssentralen på Sunndalsøra skal leggast ned.