Hopp til innhold

– Fred Kavli var ein stor romsdaling, kanskje den største

Stein Berg Oshaug, tidlegare juryformann for I-prisen, røres av engasjementet Kavli hadde for heimstaden sin. – Fred Kavli skin framleis sterkt som filantrop og entreprenør.

Stein Berg Oshaug, tidlegare juryformann for I-prisen, røres av engasjementet Kavli hadde for heimstaden sin. – Fred Kavli skin framleis sterkt som filantrop og entreprenør.

Stein Berg Oshaug hugser Kavli som ein veldig varm og energisk person.

– Fred Kavli var ein stor romsdaling, kanskje den største, meiner Oshaug.

Stein Berg Oshaug, tidlegare styreleiar i Molde Næringsforum og juryformann for I-prisen, hugser Kavli som ein veldig varm, energisk og fokusert person. Forretningsmannen Fred Kavli døde torsdag, 86 år gamal.

– Det var ei stor oppleving for meg å bli kjend med han og oppleve den dimensjonen i ulike samanhengar som han representerte. Han skin som entreprenør of filantrop, og har gjort eit fantastisk arbeid for dei som kjem etter oss, seier Oshaug.

Les også:
Fred Kavli er død

Fekk ei interessant kontakt

Fred Kavli

Forretningsmannen Fred Kavli døde torsdag, 86 år gamal.

Foto: Fred Kavli

Oshaug og Kavli blei kjend gjennom utdelinga av I-prisen i 2008, og greidde å oppnå ei fantastisk interessant kontakt. Dei har heldt kontakta sidan.

– Til vår begeistring tok Kavli i mot prisen med varm og ekte glede som rørte oss. Vi vart begeistra over måten han tenkte og opplevde sin heimstad, og gleda han hadde i forhold til engasjementet vårt og Eresfjord. Ikkje minst relasjonen mellom Molderegionen og hans livsverk som i hovudsak har utvikla seg i USA, fortel Oshaug.

Kavli hadde ikkje anledning til å kome å ta imot prisen i 2008, men dei to saman fekk eliminert den fysiske avstanden ved at det vart gjort eit tv-opptak på kontoret hans i California. Dette vart då overført til Romsdalskonferansen der han vart kåra til årets I.

Oseberg og Kavli arbeidde saman med I-prisen

– Vi arbeidde saman i forhold til å finne gode løysingar for I-prisen 2008, men året etter kom Kavli til Noreg og då arrangerte vi eigen seremoni for han. Då fekk vi gjort stas på han ved å overrekke prisen personleg, seier Oshaug.

Oshaug og Kavli har heldt kontakten, og kvart år vert Oshaug invitert til utdelinga av Kavli-prisen i Oslo.

– Seinare har eg vore så heldig at han har inkludert meg til utdelinga av Kavli-prisen i Oslo, og der har eg hatt gleda av å vere med i to år, men eg har også invitasjon til neste utdeling som er i september 2014.

Sterk relasjon til Eresfjord

I 2009 kom Kavli til Noreg, opphaldet vert arrangert rundt overrekkinga av I-prisen. Men han hadde likevel ekstra tid til å besøke Eresfjord.

– Når han var her på besøk var det seremonien det handla om, men medan han var her igangsette han også renovering av barndomsheimen sin i Eresfjord, fortel Oshaug som er veldig imponert over mannen som emigrerte til California.

– Han hadde ein enorm gjennomføringskraft og engasjement for denne renoveringa. Det var ei stor glede for oss å sjå at han utvikla ein sterkare relasjon til heimstaden sin.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL