NRK Meny
Normal

– Det var ein kraftig smell

– Eg såg at den kom i full fart, og at den styrte unna den kaia som den skulle legge til, men den trefte den gamle kaia, seier Jakob Nørbech, som har kontor like ved ferjekaia på Halsa.

Bilferja Brandal til kai

Bilferja Brandal ligg til kai på Halsa etter å ha køyrd i kaia på Halsa.

Foto: Jakob Nørbech

Ferjekø på Halsa

Køen er framleis tydeleg, sjølv om ferjetrafikken gjekk som normalt frå kl 13 fredag ettermiddag.

Foto: Jakob Nørbech

Ferjesambandet Halsa-Kanestraum har hatt redusert kapasitet fredag, etter at ei av ferjene gjekk i kaia fredag føremiddag.

Jakob Nørbech såg ferja då den kom, og fortel at det var vanskeleg å seie kor fort den gjekk.

Små skadar på kaia

– Det er ikkje meir skadar enn at dei brukar kaia. Den trefte noko betong ved sida av, så eg trur ikkje det vart så mykje skade, seier han.

På kaia stikk det no ut ein del armeringsjern, men det er likevel ikkje større skadar enn at ein bruker kaia. Etter krasjen snudde ferja, og la til med andre enden. Dermed fekk bilane om bord rygge på land.

- Det er for tidleg å seie konkret kva som skjedde, seier kommunikasjonsdirektør Ingrid Færøyvik i Fjord1.

– Me hadde ein feil på ferja som gjorde at den støytte i kaia. Me har vore opptekne av å få sambandet opp og køyre igjen med to ferjer. No skal me gå gjennom kva som har skjedd, fortel ho.

Nokre attståande bilar

Halsa-ordførar Ola Rognskog meiner det er synd at ferjene på sambandet stadig er ute med skadar.

- Me har fått levert gamalt driftsmateriell på Halsafjorden. At det er ein samanheng mellom gamalt driftsmateriell og stabilitet er det ikkje tvil om. No kjem denne situasjonen berre på toppen av ein lang serie av driftsavbrot, seier han til NRK.

No er han uroa for at personar skal kome til skade i eit uhell.

- No har eg ikkje fått sett meg inn i situasjonen som var i dag, men eg har forstått at det var ein skikkeleg dult. Då er det ikkje langt unna at du får både materiell- og personskadar, seier han.

Ulukka fredag førte til at det ein periode gjekk berre ei ferje på sambandet. Dermed vart det meir kø enn vanleg, fortel Jakob Nørbech, som held til like ved ferjekaia.

– Det står nokre bilar att. Det skulle kome ei ekstra ferje, så då tek dei det vel unna, reknar eg med, seier Nørbech.

Fjord1 melder at trafikken på sambandet skal gå som normalt frå klokka 13 fredag ettermiddag.