Hopp til innhold

– Det står overraskande dårleg til med nynorskkunnskapane

Denne pressemeldinga burde kanskje fleire ha lese gjennom før ho blei publisert.

Nynorsk-blemme på regjeringa.no

Finn ein feil...

Foto: Skjermdump

Laurdag la Justis- og beredskapsdepartementet ut ei pressemelding om statsråd Sylvi Listhaug sitt besøk i Vestfold neste veke. I tittelen står det «Listhaug sjår på mottaks- og integreringsarbeidet i Vestfold». Denne feilen meiner leiar av Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, at dei som publiserte pressemeldinga burde ha klart å luka vekk.

Magne Aasbrenn er stolt over å kunne presentere organisasjonen sin på samisk og kvensk også.

Leiar av Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, er glad for at departementet sender ut pressemeldingar på nynorsk.

Foto: Pressefoto Noregs mållag

– Vi nynorskfolk vil helst unngå at raudpenn blir tatt fram heile tida. Men når dette kjem frå Justis- og beredskapsdepartementet, så er det ein stygg feil, seier han.

Han er glad for at det kjem pressemeldingar frå departementet på nynorsk, men viser til saka om nynorskeksamenen frå NTNU i Gjøvik sist veke som hadde mange skrivefeil.

– Meir enn ein person bør sjå på pressemeldingar frå eit såpass tungt organ som justisdepartementet, seier han.

– Det går an å sjekke ordlista

Som leiar av Noregs Mållag fekk han ikkje heilt sjokk av språket, men han stussa.

Det same gjer nestleiar av Norsk Målungdom, Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Stordal.

Kristofer Olai Ravn Stavseng

Kristofer Olai Ravn Stavseng er nestleiar i Norsk Målungdom. Han seier feilen er komisk.

Foto: Odin Hørthe Omdal

– Eg tenker at dette viser at det er eit auka behov for opplæring i nynorsk, spesielt som sidemål.

Han vil ikkje refse den som skreiv pressemeldinga, men meiner det må gå an å sjekke feilen i ordboka.

– Eg vil gradere denne feilen som komisk, seier han.

NRK har laurdag kveld snakka med pressevakta i Justis- og beredskapsdepartementet. Departementet er lei seg for feilen og vil rette opp på sine nettsider.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL