Hopp til innhold

– Det skal vere litt spetakkel og rock 'n' roll

Han er i vinden som berre det, turnerer vidt og breitt og skal spele på dei største festivalane i landet. Trommis i Oslo Ess og El Cuero, Håvard Takle-Ohr, går ikkje av vegen for ein god fest.

Håvard Takle-Ohr

Trommis i Oslo Ess og El Cuero, Håvard Takle-Ohr, vil gjerne vere med å lage liv og leven også etter at ein spelejobb er ferdig.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Når du spelar på andre folk sin fest kan du ikkje vere ein 'partykiller'. Vi har betalt for å vere der og då må vi nesten føre an og lage fest og stemning. Og vi har det veldig moro undervegs, seier ein smilande trommis til NRK.no

Vi møter han på ein kafé på Grønland i Oslo. Denne dagen skulle han eigentleg ordne med rekneskapen, så då synest han det var greitt å ta ei pause og ta ein kaffi.

– Rekneskapspaira ligg strødd utover golvet heime. Dei må snart leverast for eg vil ikkje bli ein slik musikar som har rot i rekneskapen. Samtidig må eg seie at det økonomiske betyr lite for meg. Så lenge eg held meg flytande og kan drive med det eg likar så er eg glad.

LES OGSÅ: 500.000 rocket med Stones på Cuba

LES OGSÅ: Metal-legende skryter av «Tons of Rock»

Har draget på damene

Og Håvard Takle-Ohr er glad og engasjert. Han har mange jarn i elden og står stadig på store scener framfor store publikum. Og der trivast han. Sjølv om det stundom kan bli litt intenst når småfulle fans kjem litt vel nære på.

– Det er alltid hyggeleg å prate med damer. På eit mellommenneskeleg nivå. Men når dei prøvar å sjekke meg opp kan det av og til bli litt mykje.

Korleis då?

– Det kan vere alt frå eit blikk til tafsing. Altså. Eg har fast følgje og er ikkje på utkikk etter noko slikt. Og når damer kjem for nære må eg berre høfleg avvise og gå meg ein tur, seier ein flirande Håvard Takle-Ohr.

Brødrene Takle Ohr

Brødrene Brynjar og Håvard Takle-Ohr jobbar med nytt album med El Cuero.

Foto: Steinar Suvatne / NRK

Omfattande turne

Kristiansundaren slapp plate med Oslo Ess i februar og har turnert jamt og trutt sidan det, og skal fortsette med det ei stund framover. Så kjem festivalsesongen og då blir det spelejobbar med både Oslo Ess og El Cuero. Og neste år har El Cuero ti års jubileum.

– Det er berre eit halvt år sidan vi gav ut førre plate med El Cuero. No er det tida for å skrive ny musikk. Eg vil eigentleg ikkje setje noko tidspress på oss sjølve, men eg kan garantere at vi slepp ny plate til neste år for då har vi ti års jubileum sidan vi slapp vår første plate, seier ein engasjert Håvard Takle-Ohr.

Må slost for ideane sine

Og Håvard er aktiv i låtskapingsprossen. Sjølv om han ikkje spelar noko instrument og helst ikkje vil at folk skal høyre stemma hans.

– Eg syng inn på diktafon. Men det er dritskummelt å dele desse ideane med bandet. Vi vil lage kvalitet. Derfor er vi knallharde med kvarandre. Og derfor må eg manne meg opp før eg viser fram ein ide for bandet.

Men litt motstand må ein tole for å få igjennom ein ny ide. Vist ikkje er det kanskje ikkje ein bra ide meiner Håvard.

Det er den som vil mest og slost mest for ideane sine som kanskje også får det slik han vil. Og det er viktig, seier Håvard bestemt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL