Hopp til innhold

– Det kan gå ut over tilbodet til dei reisande

Widerøe fryktar for tilbodet dersom flyruta frå Ørsta/Volda til Oslo blir heilkommersiell.

Fly på bakken på Hovden

Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien fryktar at det vil gå ut over tilbodet til dei reisande dersom ruta mellom Hovden og Oslo blir heilkommersiell.

Frå første april neste år kan det bli både dyrare flyturar og færre avgangar frå Ørsta/Volda til Oslo.

Flyruta går så godt at samferdselsdepartementet vil gjere ruta heilkommersiell. Dermed mistar Widerøe tilskot frå staten.

Kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien fryktar at det vil gå ut over tilbodet til dei reisande.

– Dersom departementet held oppe si avgjerd om å ikkje kjøpe flytenester mellom Hovden og Oslo så blir konsekvensen i alle fall eit dårlegare frekvenstilbod og dyrare flybillettar, seier han.

– Nødvendig med tilskot

Oslo-ruta til Ørsta-Volda lufthamn Hovden har auka frå 20 000 årlege passasjerar i 2007 til nærare 100 000 passasjerar i 2013. Rapporten til Transportøkonomisk institutt spår dessutan at ruta vil auke med ytterlegare fire prosent til 2016.

Så bra går det med flyruta at staten ikkje lenger ser noko grunn til å gi tilskot og vil gjere ho kommersiell. Det likar ikkje Widerøe.

– Det er rett og slett fordi kostnadane med å drive ei rute mellom Hovden og Oslo er store, samtidig som det er eit ganske lite marknad og sann sett få passasjerar å dele utgiftene på, seier Kongsteien.

Han meiner at det er det er ein av grunnane til at denne ruta har vore ei anbodsrute i alle år.

– Det har vore nødvendig for at staten skal kunne sikre at der er eit tilbod på denne ruta. Vi er nøydd til å finne lønsemd i det, seier Kongsteien.