NRK Meny
Normal

– Eg vonar det blir mange mål

Aalesund leitar etter ein superspiss. Men på laget har dei allereie ein nysignert spelar som scorar mål. Trenar Kjetil Rekdal åtvarar mot å setje forventningane for høgt.

Leke James

Leke James er optimistisk framfor sesongen, og vonar han skal score mange mål for AaFK.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

I kampen mot russiske Anji på La Manga scora Leke James det første offisielle målet for Aalesund. Han viste gode takter og scora sist han var på prøvespel også. Men no skjedde det i ei offisiell turnering.

– Dette var godt. Og eg føler meg lukkeleg, og dette opnar døra for fleire scoringar denne sesongen. Målet i dag inspirerer meg til å score endå meir, seier Leke James til NRK.

Letta på prestasjonspresset

Leiinga i Aalesund understrekar at Leke James har kome til klubben som ein ung spelar som skal utviklast. Han er ikkje superspissen som laget leitar etter. Likevel kan det hende at James har følt ei press på seg om at scoringane måtte kome.

Kjetil Rekdal

Aalesund-trenar Kjetil Rekdal.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

– Før kampen bad eg han gløyme at han MÅTTE score mål, slik folk går og masar om. For meg var det viktig å sjå at han spelar bra for laget og at han gjorde ein god jobb, seier Kjetil Rekdal.

– Han er berre 19 år

Kjetil Rekdal kallar det eit draumescenario om Leke James blir ein toppscorar alt i første sesongen i klubben. Rekdal finn grunn til å minne om at James er svært ung, og at han er i klubben for å utvikle seg.

– Ingen ventar at Leke skal kome og score 15–20 mål for Aalesund. Guten er berre 19 år og han er eit talent. Han har masse fotball i seg og han har vist seg bra fram, seier Kjetil Rekdal.

– Skal score mange mål

Det er imidlertid ikkje tvil om at Leke James sjølv ønskjer at denne utviklinga skal gå raskt. Han kan knapt vente til sesongen

– Eg kan ikkje seie akkurat kor mange mål det kjem til å bli i sesongen. Men eg vonar eg kjem til å score mange mål for AaFK denne sesongen, seier Leke James.