Hopp til innhold

– Det hastar med fleire vegprosjekt

Leiaren av samferdselsutvalet meiner 70 prosent av det som er lagt fram i Nasjonal transportplan er positivt. Ho peiker likevel på fleire vegprosjekt i Møre og Romsdal som ikkje har nådd opp.

Flytebru Halsafjorden

– Halsafjordprosjektet må ikkje bli støytt ut i det ytterste mørket, seier Kristin Sørheim.

Foto: LMG Marin / Montasje

Kristin Sørheim frå Senterpartiet har nyleg delteke i ei maratonhøyring som Stortingets transportkomite gjennomførte.

Der kunne ho peike på at Møre og Romsdal har fem prosent av befolkninga og er det nest største verdiskapingsfylket, men får berre pre prosent av riksveginvesteringane.

– Vi skulle hatt noko meir, konkluderer Sørheim.

Det ho er fornøgd med er at det i Nasjonal Transportplan mellom anna er sett av pengar til Betna-Stormyra, innfartsveg til Ålesund og Lønset-Hjelset i Molde.

Men fleire prosjekt i Møre og Romsdal nådde ikkje opp, og Sørheim peiker på miljøtunnel forbi Veblungsnes i Rauma, planleggingspengar til Halsafjordprosjektet og vedlikehald av fylkesvegane.

– Men så har vi ikkje jernbane. Og så er det frykteleg viktig å få gjort noko med flaskehalsane på innfartsvegane i Kristiansund. Med nytt sjukehus på Hjelset kan ikkje den delen av nordre fylket slite med ein så dårleg veg. Det må løysast.

Firefelts veg i Kristiansund

Utvalsleiaren seier betre vegar i og utanfor Kristiansund er nødvendig, ikkje minst når det nye sjukehuset kjem på plass.

Foto: Runar Tafjord