Hopp til innhold

– Det handlar om livskvalitet

Rundt 200 personar i Aure hadde tysdag kveld mobilisert med faklar, plakatar og slagord. For leiinga og styret i Helse og Møre og Romsdal var på synfaring ved Aure Rehabiliteringssenter som blir frykta nedlagt.

Demonstrasjon i Aure

Plakatar, faklar og slagord var det som møtte styret i Helse Møre og Romsdal ved Aure Rehabiliteringssenter tysdag kveld.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg synest ikkje noko om det. Eg skal ikkje seie meir enn det, for då kan det bli stygt.

– Vi er redde for at rehabiliteringssenteret blir nedlagt, men vi håper det ikkje skjer. Denne saka er veldig viktig.

Det sa to av dei frammøtte ved aure Rehabiliteringssenter tysdag kveld.

For både Aure kommune og folket i kommunen fryktar at Helse Møre og Romsdal skal legge ned Aure Rehabiliteringssenter.

Ansvaret for rehabilitering kan då bli overført til sjukehusa og kommunane.

Kan ikkje få understreka viktigheita nok

Folk og lokalpolitikarar, gamle og unge, hadde trossa det kalde vêret i Aure tysdag kveld. Med faklar og plakatar var kravet at Aure Rehabiliteringssenter må halde fram.

Styret i Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse og Møre og Romsdal blei møtt av menneske med ei klår meining tysdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er ikkje første gong at senteret i Aure og på Mork i Volda har vore nære å bli nedlagt.

No skjer det igjen, men folket i Aure gir seg ikkje utan kamp, seier ei kampklar Kjersti Marit Vik.

– Dette er så viktig for dei det gjeld, seier Vik – som stod i bresjen for demonstrasjonen.

– Det handlar om livskvalitet, om verdigheit og om å få vere det maksimale av seg sjølv.

– Føler du at bodskapen har kome fram no?

– Dersom dei ikkje har fått med seg bodskapen vår no så er dei tunghøyrte.

Saka held fram under videoen.

Aure Rehabiliteringssenter kan bli nedlagt etter at Helse Møre og Romsdal varsla gjennomgang av rehabiliteringstenesta i fylket. Over 200 aurgjellingar møtte tysdag kveld opp med faklar då styret i Helse Møre og Romsdal kom på synfaring. Det gjorde dei for å vise kor viktig den tredje største arbeidsplassen i kommunen er.

Kjersti Marit Vik stod i bresjen for demonstrasjonen i Aure tysdag kveld.

– Trudde vi skulle få ro

Ingunn Golmen (Sp) er ordførar i Aure kommune. Ho er klar på at det å halde på senteret er svært viktig for kommunen.

– Men det er også viktig på vegner av pasientane som brukar tilbodet og som vi håper får halde fram med å bruke det.

Golmen peikar på den faglege kvaliteten, med stor tverrfagleg kompetanse, som eitt av dei viktigaste argumenta for å halde på senteret.

– Det er kompetanse bygd opp over mange år. Det er eit utruleg godt tilbod som mange har hatt god nytte av.

Ordføraren viser til at dei seinast i 2011 hadde ei runde der rehabiliteringstilbodet i heile Møre og Romsdal blei kraftig redusert.

– Vi trudde kanskje at vi då skulle få ro ei stund framover. Når det då allereie no kjem forslag om å redusere ytterlegare, og kanskje kutte heilt, så synest vi det er svært beklageleg.

John Harry Kvalshaug

John Harry Kvalshaug kan ikkje gi nokon lovnader kring rehabiliteringssentera i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ingen løfte frå styreleiaren

For nye kutt kan kome, i det som er snakk om pengar og framtidig ansvar for rehabiliteringa av pasientar.

Helse Møre og Romsdal slit med økonomien. Samstundes legg den nye helsereforma opp til eit tettare og meir omfattande samarbeid mellom sjukehus og kommunar.

Mange av dei frammøtte i Aure tysdag kveld fryktar at pasientar kan bli kasteballar i eit slikt system.

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug, var blant dei på synfaringa, men han kan ikkje love noko som helst.

– Vi må ha ei oppsummering av rehabiliteringa i Møre og Romsdal som er spesialhelsetenesta sitt ansvar. Og så må vi ta det derfrå.