Hopp til innhold

– Det første vi lærer dei er å tru på seg sjølve

Eddi Eidsvåg var onsdag i Molde for å starte pøbelprosjektet i Møre og Romsdal.

Eddie Eidsvåg

TRU: Eddi Eidsvåg fortel at det første nye deltakarar på pøbelprosjektet lærer er å tru på seg sjølv.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Det handlar ikkje om å få karakterar, for ungdom som går på skule handlar det om å bygge karakter. Når folk kjem til oss på pøbelkurs er det første vi lærer dei å tru på seg sjølve, skjønne at dei er gode nok som dei er og at dei difor og kan skape det dei vil.

78 % i jobb og skule

Pøbelprosjektet vart til i 1997 og det vart registrert som eit ideelt aksjeselskap i juni 2007. Sidan då har pøbelprosjektet jobba for å skape eit betre samfunn ved å få pøblar på veg til jobb. Eidsvåg fortel at 78 % av dei som deltek på prosjektet kjem seg tilbake i jobb eller skulegang og at det i dag til saman 2 200 pøblar spreidd rundt i landet.

– Uttrykket «pøbel» kjem frå det latinske ordet populus som tyder folk. I Noreg har vi normalt ein anna definisjon, der pøblar er småkriminelle jævlar. Vi i pøbelprosjektet synest småkriminelle jævlar er bra, dei bryt litt grenser og gjer ting litt annleis.

Samarbeid med NAV

Onsdag er Eidsvåg i Møre og Romsdal for å starte opp pøbelprosjektet her i fylket. Saman med Adecco har pøbelprosjektet vunne ein anbodsrunde om å drive oppfølgingsarbeidet til NAV i Møre og Romsdal. Eidsvåg fortel at dei no skal opprette kontor i Ålesund, Kristiansund og Molde.

– Her i Møre og Romsdal er det ikkje berre ungdom vi skal konsentrere oss om, her er det alle. Vi er stolte av at NAV trur på og satsar på oss, og stolte over å kunne tilsette 30–50 personar som skal følge opp dei som treng hjelp og oppfølging for å få seg ny jobb.

– Vi ser at vegen til å få eit godt liv er gjennom skulegang og arbeid. Arbeid odlar mannen sa far min, han var ein klok mann. I tillegg kjenner vi jo alle til omgrepet om at arbeidsløyse er rota til alt vondt og det er litt sant.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL