Hopp til innhold

– Det er utruleg trist

I natt skjedde det igjen. For femte gong i år opplevde Teaterfabrikken at nokon braut seg inn i lokala deira i Ålesund sentrum.

Teaterfabrikken i Ålesund

Teaterfabrikken i Ålesund har hatt fem innbrot på berre eit år. No er innehavarane leie.

Foto: Silje Bjerknes Steinnes / NRK

– Det er rett og slett hærverk. Dei må ha gått laus på døra med øks eller noko, absolutt alt er øydelagt, seier ei tydeleg skuffa Astrid Overaa, som driv Teaterfabrikken.

Overaa står inne i lokala i Molovegen i Ålesund og viser fram den øydelagde døra. Den gamle døra som fører inn til Teaterfabrikken har fått store skader. Tresplintar ligg utover golvet, låsen er broten opp og karmen er broten av. Innbrotstjuvane hadde i tillegg broten opp hovudinngangsdøra og eit vindauge.

– Det verkar nesten desperat, det har ikkje vore noko lirking i alle fall, seier Overaa.

Trist

Det var like etter klokka seks torsdag morgon at alarmen gjekk på Teaterfabrikken. Ein vekter rykka raskt ut til staden, og politiet kom like etter. Litt over klokka sju melde politiet at dei hadde søkt gjennom bygget utan å finne den eller dei skuldige. Det er derimot sikra spor på staden.

innbrot teaterfabrikken

Det var store skader på døra inn til Teaterfabrikken.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Overaa tykkjer det er fortvilande at dette er det femte innbrotet dei har opplevd i løpet av det siste året.

– Vi har vore her i fred i 18 år så det er utruleg trist at nokon skal øydelegge det. Det tristaste er at nokon vil øydelegge det som vi er så glad i, seier ho.

Kameraovervaking

Teaterfabrikken har tidlegare gått til innkjøp av alarm for å hindre innbrot. No vil dei også installere overvakingskamera for å prøve å stoppe den negative trenden.

Kameraet var allereie bestilt før nattas innbrot, men hadde enno ikkje blitt installert.

– Det er leit at vi har blitt nøydd til å forsikre oss på denne måten og lage ein mur rundt det vi har skapt, men slik har det dessverre blitt, seier Overaa.

Plassering

Overaas har inga god forklaring på kvifor dei har vore spesielt utsett for innbrot dette året, men trur plassering kan vere ei av årsakene.

– Det er ikkje å sjå vekk ifrå at dette er ei roleg gate, med lite folk. Det er ikkje så lett å bli oppdaga her som i sentrum, seier ho.

Slik blir det ikkje framover, påpeiker Overaas.

– Frå no av blir det full overvaking i Molovegen, vi ser ikkje anna utveg enn det, seier ho.

Saka vil bli etterforska av politiet.