Hopp til innhold

– Det er som eit slag i ansiktet

Leiinga ved Bioforsk i Tingvoll er skuffa over styrevedtak i dag. Dei meiner det er slutten på organisert forsking ved senteret.

Leiinga ved Bioforsk i Tingvoll er svært skuffa over vedtaket som styret i Bioforsk i ettermiddag kom med.

SJÅ VIDEO: Leiinga ved Bioforsk på Tingvoll fryktar for framtida etter styrevedtak. FOTO/REDIGERING: Roar Strøm.

Styret i Bioforsk gjekk i dag inn for at dei oppgåvene som vart ført inn i Bioforsk, gjennom ein tidlegare fusjonen, skal førast tilbake til NORSØK, og justerast ut av NIBIO (Norsk institutt for biløkonomi) si verksemd. Leiinga ved Bioforsk i Tingvoll seier at vedtaket kom som ei overrasking.

– Det kjennast som eit slag i ansiktet. Vi har drevet denne avdelinga i ni år og meiner sjølv at vi har hatt ein veldig god progresjon og levert gode resultat. Eg ser ingen grunn til at dei no vel å ta oss ut av organisasjonen, seier Atle Wibe, forskingssjef ved Bioforsk Tingvoll.

Krevjande sak

Bioforsk er eit forskingsinstitutt med spisskompetanse på eit høgt internasjonalt nivå innan landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvaltning. Sjølve anlegget på Tingvoll jobbar med økologisk matproduksjon, og har 37 personar med høgare utdanning i stallen.

Styreleiar i Bioforsk, Stig Fossum seier at det har vore ei svært krevjande sak.

– Vi ynskja å gjere instituttet og den faglege aktiviteten godt rusta til framtidige utfordringar, og det medfører at vi må ta grep for å sikre både effektiv drift og regional nærvær, seier han.

– Anbefalinga vår bygger på ein heilskapleg vurdering, og vil, dersom forslaget blir tatt til følge, føre til at vi er til stades på færre einingar i framtida, seier Fossum.

Fryktar for jobbane sine

Styret i Bioforsk gjekk i tillegg inn for å anbefale at forskingsaktiviteten på Tingvoll skal halde fram som i dag. Wibe meiner likevel at det er ingen garanti og fryktar for konsekvensane av vedtaket, spesielt for dei tilsette som jobbar ved kompetansesenteret i Tingvoll.

– Det er svært diffust ettersom mange av forskarane er organiserte i ulike avdelingar. Vi tolkar det som eit sterkt signal om at vi skal fasast ut, seier Wibe.

– Det er klart vi fryktar for jobbane våre, held han fram.

Grete Lene Serikstad, plasstillittvalgt i Norsk tenestemannslag, seier det er trist at styret har vedtatt å nedbemanne Bioforsk- senteret på Tingvoll.

– Vi har gått i spenning veldig lenge og eg trur det blir veldig trist for mange av dei tilsette når dei får vite dette, seier ho.

Gir ikkje opp kampen

Interimsstyret skal etter planen behandle saka på sitt møte 23. mars, og sender den vidare til Landbruks- og matdepartementet for ei endeleg avgjerd. Leiinga ved Bioforsk på Tingvoll håpar no at interimsstyret vil gjere om vedtaket til Bioforsk.

Direktør Kristin Sørheim meiner styret si innstilling i praksis vil gjere at organisert forsking på økologisk landbruk forsvinn frå Tingvoll.

– Forslaget frå Bioforsk betyr å legge ned den organiserte og koordinerte forskinga på økologisk landbruk, og sender eit tydeleg signal om at ein ikkje vil ha det i NIBIO i framtida, seier ho.

No vil dei kjempe vidare for å få landbruksministeren til å gjere om vedtaket.

– Vi har mange støttespelarar både i inn- og utland som eg trur vil gje klar beskjed til dei som skal ta den endelege avgjerda om at dette er ei uklokt val, seier Sørheim.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL