Hopp til innhold

– Det er så gøy å sveve gjennom lufta

Det er så gøy å sveve gjennom lufta, at ungane i Spjelkavik har byrja å drøyme om både Vikersundbakken og verdscupen på ski. No har dei byrja å hoppe i den nest største bakken i det nye anlegget.

Hoppere trener i de nye hoppbakkene i Spjelkavik

Her får vi mange flotte svev at dei unge hopparane i bakkane i Spjelkavika.

Søndag var det full aktivitet i dei nye bakkane i Spjelkavika. Tidlegare har aktiviteten vore avgrensa til den minste bakken. Men med godt snøfall dei siste vekene har det no blitt mogleg å hoppe også i den nest største bakken.

Og ungane i Spjelkavika har teke imot tilbodet med stor entusiasme.

– Eg har syns dette har sett spennande ut i lang tid. Og no kom desse bakkane i Spjelkavika. Då begynte eg og eg har blitt veldig interessert, Mikal André Woldstad Rødsand.

Kva er det som er gøy?

– Det er hoppinga, og å sveve i lufta. Det er veldig gøy, seier den unge skihopparen.

– Alpint interesserer meg ikkje

Mikal André ser det ikkje som noko særleg alternativ å gå over til alpint, sjølv om Spjelkavika er mest kjend for å ha avla fram svært gode alpinistar.

– Nei, alpint interesserer meg ikkje noko særleg. Det ser ikkje ut som noko som er gøy for meg, slår Woldstad Rødsand fast.

Stadig fleire kjem

No blir det full hopping framover vinteren, så sant det er snø. Hoppanlegget er bygd for plast og kan brukast om sommaren også. Men plastdekket har ikkje kome på plass enno. So framleis er ein avhengig av snø for å kunne bruke anlegget.

Terje Bergseth

Terje Bergseth er styremedlem i Møre og Romsdal skikrets.

Foto: Frode Berg / NRK

– Planen er å få på plast i vår. Så ein gong ut på sommaren er bakkane klare til heilårshopping. Dermed blir det litt tilfeldig kva dagar vi kan ha aktivitet her, fordi vi framleis er avhengige av at det er snø, seier Terje Bergseth, styremedlem i Møre og Romsdal skikrets.

Når plasten er på plass i bakken vert det organisert hopping i bakkane fleire gongar i veka. Og interessa for å vere med er stor.

– Her kjem stadig fleire. Det kjem nye folk kvar dag vi er her. Og vi får mykje tilbakemeldingar på sosiale medium om at interessa er stor.

Terje Bergseth har drive med skihopping heile livet, og tykkjer framleis at dette er moro.

– Og no har eg ein son som har byrja å hoppe. Så dermed er eg framleis aktiv i sporten. No har eg stor tru på at vi skal klare å få på plass eit hoppmiljø i Ålesund.

– Byrja då eg var fem år

Sonen Markus Bergseth er ein av dei som byrja tidleg med skihopping. Han var berre fem år då han gjennomførte sitt første skihopp.

– Eg har ein far som hoppa masse. Han har hoppa i heile sitt liv. Og eg byrja då eg var fem år, fortel han.

Korleis blir det no når du har fått hoppbakke så nær der du bur?

– Dette blir fint. Før måtte vi køyre både ein og to timar. No ligg hoppbakken berre 5–10 minutt unna. Og snart kan vi hoppe heile året. Det blir veldig bra. Og eg drøymer om Vikersund. Vikersund er draumen. Eg skal i alle fall hoppe over 100 meter før eg gir meg, seier Markus Bergseth.

Patrik Woldstad Rødsand

Her er eit flott svev av Patrik Woldstad Rødsand.

Foto: Frode Berg / NRK

– Drøymer om verdscupen

Bakkane er ikkje ferdig utbygde enno, og i og med at det trengst snø for å hoppe i bakken er ikkje aktiviteten komen hundre prosent inn i faste former enno. Men det skjer til sommaren, og då kan det hende at mange strøymer til hoppbakkane.

– Det kan godt hende det blir mange i ålesundsområdet som blir interesserte i skihopping, tur Mikal André Voldstad Rødsand.

Også Mikal André Woldstad Rødsand har draumane og planane klar. Han har tenkt å nå langt med hoppsporten.

– No drøymer eg om å kome i verdscupen og kome på pallen, og sånn. Det er draumen, slår talentet i Spjelkavik-bakken fast.